Laminatidé kapra 200 000 kroner

Gruppa Board Extrusion vann førstepremie i finalen av fase 2 av Venture Cup Trøndelag.

Publisert Sist oppdatert

Foto: Birger Jensen, Under DuskenSeier: Board Extrusion mottar sjekken på 200000.- fra juryen i Venture CupVenture Cup Trøndelag er ein forretningsplankonkurranse. Konseptet går ut på at deltakarane utviklar ein forretningsidé til ein gjennomførbar forretningsplan. Konkurransen er open for alle.

Mondag 2.mai vart fase 2 av Venture Cup avslutta, og gruppa Board Extrusion nådde høgast opp i juryens auge.

Gruppa har utvikla ein ny metode produksjon av laminat. Den går ut på at ein ekstruderer termoplast i staden for pressing av herdeplast. Denne metoden er billegare, meir fleksibel og meir miljøvennleg enn dagens framgangsmåte.

Board Extrusion kunne dermed gå heim med 200 000 kr meir i prosjektkassa, og med ein billett til den nasjonale finalen i Venture Cup, som går av stabelen i september.

Gruppa PhotoSense, som kom på 2. plass, går også vidare til den nasjonale finalen. Denne gruppa utvikla ein metode for ei enklare og betre diagnostisering av hudkreft. Premien var 50 000 kr.

Powered by Labrador CMS