Marit Arnstad ny styreleiar
Avtroppande stortingsrepresentant Marit Arnstad blir ny styreleiar ved NTNU frå august.
Frå hausten av skal NTNU, som det einaste universitet i Noreg, ha ekstern styreleiar. Undervisnings- og forskingdepartementet har altså utnemnt senterpartikvinna Arnstad til denne posisjonen, melder Universitetsavisa.
Arnstad var olje- og energiminister i Bondevik I-regjeringa frå 1997 til 2000. Ho har vore parlamentarisk leiar i Senterpartiet sidan 2003, men har gjort det klart at ho ikkje stiller til gjenval til haustens stortingsval.
I alt sit fire eksterne representantar i NTNU-styret. Programdirektør Kari Werner Øfsti og advokat Karl Glad går ut av styret til hausten. Dei vert erstatta av Arnstad og tidlegare administrerande direktør i Sintef, Morten Loktu. Siri Beate Hatlen og Christian Thommesen held fram som eksterne representantar.
Dei tre eksterne vararepresentantane er administrerande direktør Jon Øyvind Eriksen i IT-selskapet Kantega AS, dagleg leiar Anna Kathrine Slungård i Total Consult og direktør Erik Rudeng i institusjonen Fritt ord.
Dermed er det nye styret ved NTNU, som tiltrer 1. august, klart. Det er samansett av fire eksterne representantar, to studentrepresentantar, tre representantar for dei vitskapleg tilsette, ein representant for dei midlertidig tilsette og ein representant for dei teknisk-administrativt tilsette.
Dette er dei 11 representantane i det nye NTNU-styret:
Marit Arnstad (Ekstern representant og styreleiar)
Morten Loktu (Ekstern representant)
Siri Beate Hatlem (Ekstern representant)
Christian Thommesen (Ekstern representant)
Svein Lorentzen (Vitskapleg tilsett)
An-Magritt Jensen (Vitskapleg tilsett)
Rigmor Austgulen (Vitskapleg tilsett)
Terje Wahl (Midlertidig tilsett)
Kristin Dæhli (Teknisk/administrativ tilsett)
Jens Maseng (Student)
Jasmin Jahre (Student)