Maseng og Jahre inn i NTNU-styret
Jens Maseng og Jasmin Jahre vart røysta inn i styret. Men berre ein av ti studentar nytta røysteretten.
Foto: Anne-Stine Johnsbråten, Under DuskenSTUDENTANES FAVORITT: Filosofi-student Jens Maseng gjekk til val på medansvaret til studentane. Sjølv har han fått ansvar for å representere studentane, i NTNUs høgaste organ.Filosofi-student Jens Maseng (27) kapra 17,4 prosent av røystene til NTNU-studentane og skal dermed sitje i NTNUs høgaste organ i studieåret 2005/06.
Med seg får han Jasmin Jahre (25) frå Industriell økonomi og teknologileiing. Ho fekk 12,9 prosent av røystene.
Kampsakene til Maseng har vore å styrke karriere- og rettleingstilbodet ved NTNU, samt at studentane skal få tilbod om frivillig arbeid i forskinga.
Maseng har røynsle mellom anna frå Samfundet-styret, der han satt som PR-ansvarleg i 2003/04.
Jasmin Jahre har gjennom valkampen stilt spørsmål om Kvalitetsreformen har fungert etter føremålet. Ho har også fokusert på at NTNU må rekruttere dei beste forskarane og førelesarane til universitetet.
Ho har røynsle mellom anna frå Studenttinget og Landstyret til Norsk Studentunion.
Kjønnskvotering gjer at studentane skal ha ein representant av kvart kjønn i NTNU-styret. Dermed vart Jahre kvotert inn framfor Jan Helge Maurtvedt, som fekk 15,9 prosent av røystene.
Valdeltakinga ved valet var 11,5 prosent, det vil seie ei halvering frå førre styreval hausten 2003.
Her er rangeringa til dei som røysta (Tala i prosent):
Jens Maseng (17,4)
Jasmin Jahre (12,9)
Jan Helge Maurtvedt (15,9)
Gard E. Jørgensen (12,6)
Anders Båtstrand (10,7)
Vegard Austmo (8,5)
Dagrun Astrid Engen (8,2)
Maja Enes (7,3)
Marius Blanke (5,0)