Meir kontroll på veg på HiST

Publisert Sist oppdatert

Sjukepleiarutdanninga er ikkje lovpålagt til å vurdere om studentane er skikka.

– Departementet ville ikkje innføre eit lovpålegg hos oss då lærarstudiet fekk dette for nokre år sidan, forklarer konsulent Bente Storrø i Høgskoleadministrasjonen.

Sjukepleiarstudentar har fem periodar med praksis i løpet av studiet. Kvar praksisperiode kan takast opp att ein gong. Etter to forsøk rykker studenten ned eit kull.

– Studentane kan bli råda å slutte på studiet, men ingen kan pressast ut, fortel Storrø.

Ho fortel at ei vurdering av kor skikka studentane er, no er på veg. Dette er ho glad for.

– Som sjukepleiar krevst ei viss modning og mellommenneskeleg evne. Ein skal tross alt overta styringa av livet til menneske som ikkje greier seg sjølv.

Konsulenten har i nokre tilfelle spekulert på korleis det skal gå med somme studentar ute i arbeidslivet. Ho meiner det kan skorte på ansvarsmedvitet, til dømes hos studentar som aldri greier å forhalde seg til fristar.

– Korleis skal dei klare seg ute i jobb når dei må ta ansvar til dømes i forhold til medisinar? Det handlar jo om livet til folk, poengterer ho.

Powered by Labrador CMS