Mest klamydia blant studentar

Omtrent 20 000 personar fekk påvist klamydia i 2005. Nesten 40 prosent var i studentalderen 20-24 år. Mange er smitta utan å vite det.

Publisert Sist oppdatert

Klamydia er den mest utbreidte kjønnssjukdommen i dag. Tal frå Sosial- og helsedirektoratet viser at fire av ti klamydiasmitta er i studentalder. Over halvparten av dei som vert smitta, får ingen symptom.

Når skal du la deg teste?

• Test deg om du skiftar seksualpartnar, særleg om du er ungdom under 25 år.

• Rutinemessig klamydiaprøve tilrådas om du skal ta abort eller er gravid.

• Ta straks ein test om du har hatt ubeskytta sex med ein person som har fått påvist klamydia eller ein annan seksuelt overførbar sjukdom.

• Kvinner bør ta ein test ved auka mengde utflod, svie ved vannlating eller småblødning under samleie.

• Menn bør gå til undersøking om dei merkar sparsom utflod frå urinrøret, kløe, eller svie ved vannlating.

Slik er testen

• Testen tek form av ei urinprøve. Unngå dobesøk dei siste to timane før testing.

Difor skal du la deg teste

• Sjølv om du ikkje har nokre symptom, kan du utsetje andre for ubehagelege plager.

• Hos kvinner er klamydia er den vanlegaste årsaken til eggleiarinfeksjon, som kan føre til graviditet utanfor livmora og sterilitet.

• Hos menn kan infeksjonen gi kronisk infeksjon i testiklar eller prostata.

• Klamydia kan føre til immunkompleksar som slår seg ned i ledd, vanlegast er infeksjon i kneleddet med påfølgjande knesmerter.

Kjelder: www.lommelegen.no, www.suss.no

Powered by Labrador CMS