Møtefarse på Gløshaugen

Omorganiseringa av studentdemokratiet er så langt berre 33 prosent vellukka.

Publisert Sist oppdatert

I Under Dusken nr. 11 skreiv vi at Studenttinget (STi), det øvste studentorganet ved NTNU, ønskjer at dei fem studentutvala skal leggje seg ned. I staden ønskjer dei at det vert oppretta seks studentråd – eitt for kvart av dei sju fakulteta ved NTNU. (Det sjuande studentrådet, ved Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi, er alt oppretta som eit prøveprosjekt.)

Foto: Christian Nørstebø, Under DuskenLEI: Fakultetstillitsrepresentant ved IME-fakultetet, Morten Svendsen, ber om orsak for at førre studentallmøte blei ei farse.

Krangel om formalia

Medan allmøtet på Dragvoll vedtok å leggje ned Studentutvalet for humaniora og samfunnsvitskap, endte dei to allmøta på Gløshaugen utan endeleg vedtak. Grunnen var krangel omkring formelle prosedyrer.

Reza Mohseni, leiar for Studentutvalet for realfagsutdanninga, har vore kritisk til omlegginga (sjå undersak). Han meinte at møteinnkallinga til allmøtet ved Fakultet for Informatikk, matematikk og elektronikk (IME) var ugyldig, og viste til reglementet for det no nedlagte Fakultet for fysikk, informatikk og matematikk (FIM). Det kom uventa på møtearrangørane, som ikkje kjente til det gamle reglementet.

Store deler av møtet gjekk dermed med til å setje seg inn i reglementet til FIM-fakultetet. Til slutt viste det seg at møteinnkallinga samsvarte med det gamle reglementet, men det meiner Mohseni er irrelevant.

– Så lenge innkallinga ikkje tok utgangspunkt i dette reglementet, hjelper det lite at den samsvarer, seier Mohseni.

– Sjølv om norske og svenske lover var like, kunne ein ikkje ta utgangspunkt i norsk lov når ein er i Sverige, poengterer han.

Ettersom 30 av dei 45 tilmålte minutta gjekk med til å godkjenne dagsorden, vart det lite tid til å orientere om omorganiserina. Allmøtet sendte dermed saka attende til sakshandsamarane.

– Møtet blei ei farse

– Møtet utvikla seg til å ei farse, vedgår fakultetstillitsrepresentant (FTR) Morten Svendsen ved IME-fakultetet.

Han er ein av to FTR-ar som innkalte til møtet.

Svendsen beklager måten møtet utvikla seg på og seier at det stilte studentdemokratiet i «eit svært, svært dårleg lys». Han opplyser at FTR-ane på IME-fakultet arbeider for å unngå at neste møte, 3. oktober, skal bli ei liknande fadese.

Heller ikkje allmøtet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi tok stilling til omorganiseringa.

Powered by Labrador CMS