
Mystisk skrin opna etter 47 år
Torsdag formiddag opna Hennes Majestet Aarhønen eit stålskrin som har vore forsegla i 47 år. Les referatet frå opninga her.
Sermonien er no avslutta. Dusken.no kjem tilbake med ein oppfølgingssak på eit seinare tidspunkt.
13:11: Hartmann seier at dei ikkje vil ta opp resten av sakene i skrinet endå, men at alt vil bli lagt til utstilling frå kl.16.00
13:08: Det blir ramsa opp kva meir som er i skrinet: Ei utgave av Adressa, datert til 2.februar.1963, frimerker, tomme konvoluttar, brev, eit utklipp av Under Dusken.
13:07: Hartmann konstaterer at det er kaotisk i skrinet og at det vil ta tid å kartlegge kva som er i skrinet.
13:05: Det blir tatt opp eit fotoalbum frå Aarhønen si 50-års feiring.
13:04: Hartmann annonserer at alle gjenstandene frå skrinet vil bli lagt til utstilling på Selskapssiden frå kl.16.00 i kveld.
13:00: Hartmann kaller opp Aarhønen sin historiske ekspert for å klargjere dokumenta sin viktigheit.
12:58: Henrik Hartmann begynner å ta ut dei første tinga frå skrinet. "Jeg tror vi her ser på noen dokumenter av viktig historisk relevans", sier Hartmann.
12:53: I lokket på skrinet står det eit brev frå Aarhønen sine opprettarar. "Denne jernkassen inneholder arkiver fra de første 50 årene Aarhønen har eksistert." Står det blant anna.
12:51: Skrinet opnes.
12:49: Brevet som er vedlagt skrinet blir lest opp høgt for forsamlinga:
12:46: Opninga av skrinet startar
12:40: Digernes snakkar vidare om kor viktig linjeforeninga har vore for Byggstudiet og NTNU generelt.
12:38: "Gratulerer med dagen", opner Torbjørn Digernes sine tale.
12:33: Rektor ved NTNU, Torbjørn Digernes, og ein medhjelpar er på veg for å hente stålskrinet. Stålskrinet har ikkje vore opna på 47 år, og har vore lagra på rektor sitt kontor heilt sidan opprettarane av H. M. Aarhønen sendte det til Trondheim i 1966.
12:30: Norconsult, som også er ein nær støttespelar til Aarhønen overrekker si gåve. "Som gave fra Norconult gives herved en favn med ved", seier representanten frå Norconsult.
12:27: Per Horn gir på vegne av Mutikonsult ein ovne til badstova i den nye hytta til H. M. Aarhønen.
12:25: Multikonsult, som har vore ein støttespelar for bygginga av Aarhønens hytte i Selbu. Per Horn frå Multikonsult held tale for å hedre Aarhønen.
12:16: Næringslivsringen sin daglige leiar held tale til ære for H. M. Aarhønen. Overrekker ein gitar i presang til H. M. Aarhønen. Denne kan brukes på den nye hytta som bygg og miljøteknikk studentene har bygd sjølv.
12:11: Sølvskjeen blir viderebrakt til neste overtakar, med tittelen overpunsjbollemester.
12:08: Henrik Hartmann held innledningsorda.
12:07: Jubileumspunsjen blir testa, slik at dagens talarar kan slukke sin tørst.