– NEI til samlokalisering!

Med ni mot to stemmer vedtok NTNU-styret i dag å skrinleggje planane om å samle universitetet på Gløshaugen.

Publisert Sist oppdatert

For to veker sidan la rektor ved NTNU, Torbjørn Digernes, fram si tilråding til styret ved NTNU. Her ba han om eit vedtak for samlokalisering.

Men på dagens møte snudde rektor. Han meier frameleis at NTNU er best tent med å samle verksemda på Gløshaugen. Likevel ba han styret om å vedta at NTNU skal ha to campus.

I si opphavelege tilråding la rektor til grunn at staten må bidra med pengar til ei samling av NTNU. Utan eit slikt bidrag kan ikkje NTNU vedta samlokalisering, meiner Digernes. Fordi «risikoen for at statlig finansieringsbistand ikke oppnås vurderes som meget stor», rådde han styret til å vedta ei vidareutvikling av dagens tocampus-løysing.

Denne tilrådinga gjekk gjennom. Berre dei to studentrepresentantane ønska å vedta samlokalisering.

mt:– Ein gledens dag

Den mest profilerte flyttemotstandaren i NTNU-styret, Svein Lorentzen, meiner dagen i dag var ein gledens dag for alle som har kjempa mot flytteprosjektet.

– Dette var det beste vedtaket vi kunne få for dei tilsette, seier han.

Sjølv om styret vedtok at NTNU skal ha to campusar i framtida, la dei inn eit punkt i vedtaket som opnar for omkamp: Dersom staten vedtak at den bevilgar pengar til samlokalisering av universitetet, skal saka vurderast på nytt.

Det uroar ikkje Lorentzen.

– Eg reknar det som særs lite sannsynleg at politikarane plutseleg dukkar opp med 600 millionar kroner til å samlokalisere NTNU.

mt:Nøgd Maseng

Studentrepresentant Jens Maseng er nøgd med styrets vedtak, sjølv om han og Jasmin Jahre vart nedstemt i dagens styremøte.

– Vi har no overlate avgjerda til dei som har myndigheit til å gjere det økonomiske vedtaket, nemleg Stortinget, seier han.

Dagens møte viste også, ifølge Maseng, at styret eigentleg er for samlokalisering.

– Dersom politikarane kjem med pengane, er 7 av 11 medlemmar i styret positive til å sjå på saka på ny. Det må tolkast som om styret ønskjer å samle NTNU, sjølv om dei økonomiske føresetnadane per i dag ikkje tillot eit slikt vedtak, seier Maseng.

Powered by Labrador CMS