No kjem kondomautomatane

Samskipnaden vil sørgje for trygg studentsex. No plasserer den ut kondomdispensarar på alle lærestadane ved NTNU og HiST. I alt 40 000 kondomar blir delt ut til trondheimsstudentane.

Publisert Sist oppdatert

Det er ein allmenn trend at studentar er for dårlege til å bruke kondom.

– Altfor mange kjem i risikosonen for kjønnssjukdommar, sukkar Suzette Paasche, velferdsdirektør i SiT.

SiT har lenge arbeida for å få studentar til beskytte seg. Fram til no har dei tilbudt kondomar frå glassbollar i deira ekspedisjonar. Dette viste seg ikkje å vere nok.

– Det er no bestilt elleve kondomdispensarar. Dei skal ut på alle avdelingane til NTNU og HiST, forklarer sekretær i studentsamskipnaden, Elin Johansen.

Og slunken lommebok skal ikkje vere noko hinder for yre studentar.

– Kondomane er sjølvsagt gratis, understreker Johansen.

– Kor store blir desse dispensarane?

– Ikkje store nok kan ein seie, ler Johansen.

– Dei går fort ut.

Dei har allereie starta med ein dispensar ved SiT sin ekspedisjon på Gløshaugen. Den går tom dagleg.

– Vi reknar med å måtte fylle opp kvar dag, seier sekretæren.

Studentane vil finne dispensarane ved SiT-ekspedisjonen på deira lærestad. Lageret er på Gløshaugen. Skulle det gå tomt nokon stad, er Johansen parat.

– Vi sendar kondomar ut med internposten.

Powered by Labrador CMS