- NTNU bør bli eliteuniversitet
I 2020 bør NTNU vere blant dei 10 beste teknisk-naturvitskaplege universiteta i Europa. Det meiner eit utval oppnemnt av NTNU-leiinga.
Det er Hestnesutvalet II – leia av dekan Anne Grete Hestnes – som meiner at NTNU bør setje seg dette ambisiøse målet. NTNU hamna i 2004 på 187. plass på rankinglista til Times Higher Education Supplement, Storbritannias mest kjente magasin om høgare utdanning.
For å klare målsetjinga, skal NTNU rekruttere fleire gode internasjonale studentar. Utvalet ser også for seg at NTNU skal satse på fagområde universitetet alt er gode på – og fase ut fagleg verksemd som heldt lågt nivå. Fagprofilen er alt brei nok, meiner utvalet, som likevel ønskjer meir satsing på tverrfagleg samarbeid i forsking og utdanning ved universitetet.
Samarbeidet med SINTEF bør styrkast, meiner utvalet. Det håper også at NTNU kan auke innteninga si. Dette skal skje ved at NTNU får lisensinntekter frå ulike forskingsprosjekt. Dei strategiske satsingane ved universitetet bør også samordnast i større grad. I dag verkar mykje strategiarbeid og planlegging å vere «ad hoc»-prega, står det i rapporten frå utvalet.
Hestnesutvalet II vart sett ned av førre rektor, Eivind Hiis Hauge, for å gå gjennom «alle relevante strategi- og handlingsplaner» og «foreslå mulige tiltak som vil kunne styrke NTNU mot 2020». Arbeidet byggjer på rapporten frå det første Hestnesutvalet, som skulle undersøkje dei «faglige og universitetspolitiske problemstillingene knyttet til en eventuell samlokalisering». Utgangspunktet var altså å undersøkje om det var mogleg og ønskeleg å flytte Dragvoll-miljøet til området rundt Gløshaugen. Men dette har no vakse til prosjektet «NTNU 2020».
Du kan lese heile rapporten på: www.ntnu.no/2020