Ny samskipnadslov: Studentane tek ut dissens

Eit utval nedsett av regjeringa vil fjerne den såkalla tilbakekallingsretten. Studentane i utvalet vil truleg ta ut dissens på grunn av dette spørsmålet.

Publisert Sist oppdatert

Eit statleg utval vart sett ned i sommar for å evaluere samskipnadsordninga. To spørsmål som vert vurdert, er rekna for å vere særleg viktig for studentane. Det første er om studentrepresentantar skal ha fleirtal i konsernstyret i samskipnadane. Det andre er at studentane skal ha høve til å stille mistillit til studentrepresentantane, den såkalla tilbakekallingsretten.

Utvalet skal leggje fram tilrådinga si 24. november. Det vil truleg gjere framlegg om å behalde studentfleirtal i konsernstyret. Men det vil sannsynlegvis råde regjeringa til å fjerne tilbakekallingsretten.

– Denne retten garanterer studentinnverknad i studentsamskipnaden, meiner leiar Edina Ringdal i Velferdstinget (VT).

Ho er særs kritisk til framlegget om å fjerne denne retten.

To av ni medlemmar i det statlege utvalet er studentar. Desse to vil, etter det Under Dusken erfarer, ta ut dissens i dette spørsmålet.

Tilbakekallingsretten vert rekna for å vere eit kraftig verkemiddel, og den har berre blitt brukt tre gongar i Trondheim dei siste ti åra. Sist gang var i 2003. Då kasta VT konsernstyreleiar Bjørn Bye, fordi han røysta mot studentfleirtal i datterselskapa i Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT).

Samskipnadsrådet syndebukk

Erik Sandquist i NSU Bergen fryktar at samskipnadsrådet har påverka utvalet som gjennomgår samskipnadsordninga.

«Rådet har hatt møter med lovutvalget og kommet med sterke signaler om at man ønsker å fjerne denne ordningen,» seier Sandquist til studentavisa Universitas i Oslo.

Samskipnadsrådet hevdar at det ikkje har freista å påverke lovutvalet.

Møteverksemda mellom rådet og lovutvalet er avgrensa til eitt møte. Då møtte konserndirektør Lisbeth Dyrberg i Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) og konsernstyreleiar Åge Halvorsen i SiT lovutvalet som vurderer samskipnadsordninga. På dette møtet vidareformidla dei to medlemmane av samskipnadsrådet innspel som hadde kome frå dei 25 studentsamskipnadane i landet.

«Rådet v/styret tar stilling i saker kun når alle 25 samskipnader er enige om hva standpunktet skal være,» skriv Dyrberg i et leserbrev i Universitas.

Taust i Trondheim

Leiar Åge Halvorsen i konsernstyret i Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT) ønskjer ikkje å uttale seg for eller mot tilbakekallingsretten.

– Styret har ikkje teke stilling i denne saka, seier han.

Heller ikkje konserndirektør Knut Solberg i SiT ønskjer å flagge eit standpunkt i saka. Han kan imidlertid fortelje at SiT ikkje er blant samskipnadane som ønskjer å fjerne tilbakekallingsretten.

– Ja til tilbakekalling

Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) har derimot ingen problem med å seie kva dei meiner. Både konsernstyreleiar og konserndirektør er positive til tilbakekallingsretten.

– I Bergen er dette ei ikkje-sak, seier styreleiar Øyvind Olufsen i SiB.

– Tilbakekallingsretten har ikkje skapt problemer her, seier konserndirektør Egil Pedersen.

Konsernstyreleiar i Studentsamskipnaden i Oslo, Christoffer Wiig, ønskte ikkje å kommentere saka då Under Dusken tok kontakt.

Powered by Labrador CMS