Nye redaktørar i studentmedia

Storsalen i Studentersamfundet valte onsdag kveld Sigbjørn Lund Olsen, Birgit Karlsen Segtnan og Ellen Synnøve Viseth til sjefsredaktørar i høvesvis Student-TV, Studentradion og Under Dusken.

Publisert Sist oppdatert

Foto: Nils Christian Roscher-Nielsen, Under DuskenFEIRAR: Dei nyvalte redaktørane i studentmediene er glade for valsigeren, trass ingen motkandidatar. Frå venstre: Sigbjørn Lund Olsen (STV), Ellen Synnøve Viseth (Under Dusken) og Birgit Karlsen Segtnan (Studentradion).Sigbjørn Lund Olsen er 21 år og studerer medieproduksjon ved Dragvoll. Han ønskjer at Student-TV skal ha ei breiare dekning av aktualitet og kultur i sendingane sine.

Birgit Karlsen Segtnan 23 år og studerer kunsthistorie. Hennar ambisjon er at Studentradion skal bli den mest naturlege staden for studentar å oppdatere seg på nyhende, kultur og musikk.

– Studentradion er ein dyktig gjeng, og eg skal gjere så godt eg kan for at fleire skal høyre på, sa ho i tala si til Storsalen.

21 år gamle Ellen Synnøve Viseth studerer europakunnskap ved Dragvoll. Ho ønskjer i stor grad å vidareføre Under Duskens noverande profil.

– Eg ønskjer at Under Dusken framleis skal vere Noregs beste studentavis, og at trondheimsstudentane skal vere glade i avisa si, seier ho.

Både Lund Olsen, Sætnan og Viseth er positive til eit nært samarbeid mellom dei tre studentmediene.

Alle tre vart valt utan motkandidatar i det såkalla valet i Storsalen.

Powered by Labrador CMS