PsychAid – større enn nokon gong
Psykologistudentanes hjelpeaksjon vart unnfanga i 2003. På eit nachspiel i hovudstaden. Sidan har aksjonen spreidd seg over heile landet. Trondheim er med.
STUDENTENGASJEMENT
Foto: Erlend Dahlhaug Paxal, Under DuskenTrengRENG bøsseberararBØSSEBERARAR: Bli bøsseberar og få gratis vaffel, oppfordrar Lena Myran, leiar for PsychAid Trondheim.– PsychAid vert arrangert i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø, seier Lena Myran, leiar for PsychAid Trondheim.
Ho står og steiker vaflar i gata på Dragvoll. Du får ei gratis plate om du melder deg som bøsseberar. Myran har trua på sine medstudentar. I fjor var Trondheim best i landet.
Samlar inn til flyktningarbeid
I år går pengane til oppretting av opne sentre for flyktningar og innvandrarar. Oslo har eit slikt senter allereie, og no skal dette opprettas i dei andre aksjonsbyane òg.
– Her skal ein få informasjon på sitt eige språk, om kva slags tilbod ein har. Eit slikt senter skal òg tilby psykologhjelp. Det skal vere ein møteplass for gjensidig stønad, ein stad ein kan gå om ein er einsam og treng nokon å prate med, forklarer den engasjerte leiaren.
– 1 av 3 innvandrarar har psykiske problem seier Lena.
1 av 1000 har kontakt med psykisk helsevern. PsychAid ønskjer at fleire som treng det skal få hjelp.
Imponert over komiteen
Årets aksjon har klare visjonar.
– Vi skal overgå innsamlingssummen frå i fjor. Da hadde vi 400 bøsseberarar. I år satsar vi på 800. Det er mogleg dette er utopisk, men ein må setje seg nokre mål, smiler leiaren.
Ho fortel at 25 engasjerte og særs dyktige studentar utgjer aksjonskomiteen i Trondheim.
– Dei jobbar rompa av seg. Mange starta på scratch, utan erfaring, og har no blitt superflinke på sine oppgåver. Nestleiaren, Ann Mari Ledang Follestad er ein kjemperessurs, fordi ho var leiar i fjor. Få med det, understreker Lena.
Mykje skal skje
I tillegg til bøsseaksjonen, skal dei ha fleire arrangement for å skrape saman pengar til det gode føremålet. Til dømes kan du få kursing i afrikansk dans under internasjonal dag på torget og nyte toner frå Leisure Suit Lovers som eit av tre band under trippelkonsert i Klubben.
– Vi ligg rimeleg godt an. À jour føler ein jo aldri at ein er, men det ser lovande ut. Den største jobben er å få skaffa alle bøsseberarane vi treng. Alle kan gå med bøsse, ein må ikkje vere psykologistudent, reklamerer ho.