Psykopatar kan bli psykologar
Å vere personleg ueigna hindrar deg ikkje i å bli psykolog.
PSYKOLOGIPRAKSIS
Foto: Therese Marie Tande, Under DuskenMAKTESLAUSE: I slike rom vurderast psykologistudentar sin prestasjon. - Vi vil ha betre muligheit til å stoppe grovt ueigna menneske, seier praksislærar Turid Suzanne Berg-Nielsen.– Tenk deg eit lynande intelligent hannibalmonster, som gjer alt det riktige. Vi reagerer, men det formelle er i orden. Vi kan ikkje stoppe slike, sukkar praksislærar Turid Suzanne Berg-Nielsen ved Psykologisk institutt.
Ho forklarer at det er lovverket som gjer det vanskeleg for utdanningsinstitusjonane. Det eksisterer ingen krav om vandel. Berre formelle feil, som til dømes mangel på oppmøte, kan føre til at studentar må forlate studiet. Og då fyrst etter tre forsøk.
– Vi på universitetet er veldig misnøgde med dette, understreker Berg-Nielsen.
Alle skal få bli det dei vil
Den politiske ideologien er klar. Kva du har gjort før, eller ein dårleg periode under utdanning skal ikkje hindre deg i å bli det du har lyst til. Ein skal alltid få ein ny sjanse.
Saken har vore mykje oppe til debatt, både innad i psykologstanden, og i forhandlingar med departementet.
– Vi har argumentert med at profesjonsstudiet på denne måten kan spreie mykje ulukke, seier Berg-Nielsen.
Studiet kan gi psykologiske ferdigheiter til menneske som vil misbruke desse. Satt på spissen kan vi gi ei utdanning i manipulering, forklarer ho.
Psykologen ser dette som noko politikarane bør ta alvorleg.
– Men vi så langt har vi møtt døve øyre hos departementet, hevdar ho.
– Skremmande
– Det er skremmande at ein ikkje har betre kontroll, seier Ann Mari Ledang Follestad, leiar i fagutvalet til psykologistudentane.
Ho meiner at pasienthensynet må kome i fyrste rekkje. Difor bør studentar som ikkje eignar seg følgjast nøye opp.
– Viss dei ikkje greier å betre seg, bør dei få beskjed om å finne på noko anna, seier ho.
Berg-Nielsen vil imidlertid skyte inn at det ikkje finst mange tvilstilfelle.
– 99 prosent gjennomfører praksis på ein akseptabel måte.
Skal stoppast i arbeidslivet
Sjølv om ein har fått godkjend utdanninga, kan ein ikkje automatisk byrje å arbeide som psykolog. Ein må få autorisasjon fyrst.
– Det er her departementet meiner det skal gripast inn, fortel Berg-Nielsen.
Dette er heller ikkje så lett, i følgje Knut Skåldestad ved statens autorisasjonskontor for helsepersonell.
Som grunnlag for nekting av autorisasjon listar Skåldestad opp til dømes sinnsliding, rusproblem eller kriminelle forhold.
Han fortel samstundes at bestått utdanning er hovudgrunnlag og ofte einaste grunnlag for utsteding av autorisasjon.
– Men korleis skal ein utover dette finne ut om ein student er eigna for yrket?
– Det er dessverre noko fragmentarisk og tilfeldig, innrømmer han.
– Ein får tak i opplysningar kun der ein positivt får tips, andre sklir gjennom. Det er nok ein del saker vi ikkje får vite om, konstaterer han.
– Trur du folk slepp gjennom for lett?
– Ein skal ikkje utelukke det.