Refsar studentane for råsykling
Trygg Trafikk meiner studentane gjer Trondheim utrygg. Dette gjer dei i flokk, på to hjul.
SYKKELFORHOLD
Trondheim har svært mange syklande på veg til jobb og skule. Studentane utgjer ein stor del av desse.
– Problemet er at studentane er mange, og har dårleg tid, seier Bård Moen Johansen, fylkessekretær i Trygg Trafikk.
Han tek saman med Statens Vegvesen til orde mot det han kallar råsykling.
– Folk gløymer at køyretøy har blindsonar, dei køyrer på raudt lys, og syklar utan lys og refleks, fortsett han.
Dette skapar farlege situasjonar.
Syklistenes landsforening slår derimot kraftig tilbake. Dei meiner at organiseringa av trafikken må ta skulda.
– Er trafikken planlagt bra, syklar folk riktig, poengterer Kristina Widell, fylkesrepresentant for landsforeininga.
– Folk vil kome seg fram raskare og enklare. Det er ineffektivt å sykle korrekt i Trondheim, seier ho.
Gåande og syklande må skiljast
Det er semje om at dårlege sykkelforhold skapar utrygg trafikk.
– Slik det er i dag blir travle syklistar tvungne til å operere med hyppig rolleskifte. Dei skiftar frå vegbane til fortau, og tilbake att, alt etter kva som går raskast, forklarer Moen Johansen.
Widell er soleklar på kva som er hovudproblemet. Gang-og sykkelvegen må vekk, og erstattas med sykkelfelt i vegbanen.
– I byen er det betre om syklande og køyrande held saman. Dei held meir same fart enn syklande og gåande, forklarer ho.
Fylkessekretæren i Trygg Trafikk er einig.
– Skal eg sykle til jobben, vil eg halde ei fart på minst 30 kilometer i timen, og eg vil ikkje gå av sykkelen og flytte meg for fotgjengarar, argumenterer han.
– Personleg ville eg ha forbode sykling på fortau.
Det arbeidast med saka
– Det er gjort ein god del, men mykje gjenstår, innrømmer senioringeniør Trond Aune, i Statens Vegvesen.
– Akkurat no arbeidast det med eit eige felt for syklistar over Elgeseter bru. Vi skal få syklistane ned frå fortauet, forklarer ingeniøren.
Ifølgje Trygg Trafikk er det verst i sentrumsområdet.
– I midtbyen er det ikkje plass til ei klar deling mellom trafikantane. Her må ein rett og slett bestemme seg for kven som skal sleppe fram, seier Johansen.
Vegvesenet vil vente
Vegvesenet lovar at sentrum òg skal få betre tilbod for sykkel, men dette skjer ikkje enno.
– Vi ventar på Nordre avlastingsveg. Då vert det færre bilar gjennom byen, og betre plass til meir miljøvennlege framkomstmiddel, forklarer Aune.
Parkeringsplassar og tofeltsvegar vil måtte vike for sykkelfelt.
Aune legg ikkje overraskande til at det heile handlar om midlar. Allereie førre regjering ville satse på stort på sykkel, men vegvesenet har så langt sett lite til dei lovte midlane, forklarer han.
Difor må du enno vente ei stund på å kunne cruise trygt og effektivt gjennom Trondheim. I mellomtida vil Johansen i Trygg Trafikk sende med deg følgjande oppfordring:
– Det er framleis ingen skam å strekke ut handa, heller ikkje å bruke hjelm. Det er du sjølv som avgjer kor trygg sykkelturen skal bli.