
Rogruppa med skistunt
I samband med 100 års–dagen til NTNUI, gjorde rogruppa eit litt annleis forsøk på å få meir merksemd rundt idretten.
– Me håpar at dette er noko folk legg merke til, seier ledar Sjur Øyen i NTNUI.
I dag kunne ein sjå rogruppa prøva å dra Lars Andreas Ø. Sørvik på vasski i Nidelva – berre ved hjelp av handkraft. Dette som ein del av «Dukk opp uka» i samband med at NTNUI feirar 100 år, men òg for å fremja rogruppa.
– Denne veka har me hatt «Dukk opp uke». Alle gruppene innen NTNUI har dukka opp på ulike stader i Trondheim. Alt ifrå bussar og forelesningssalar er blitt storma i regi NTNUI, seier Øyen.
Store forventingar
Mange hadde møtt opp for å sjå om dei klara det. Magnus Skaar, som er medlem i rogruppa, var ein av dei som sto og trippa på Gamle bybro.
– Det blir litt flaut om dei ikkje får han opp. Rogruppa har trent lenge for å få dette til. Det er ikkje så lett som det kanskje høyres ut som, alt må stemma, seier han.
Han hadde stor tru på at dei skulle klara det etter generalprøven sist torsdag.
– Sist torsdag hadde me generalprøve og då fekk me til å dra Lars opp. Lars er med i Telmark– Alpint, men han kan også stå på vasski. Eg håpar at alt går etter planen i dag, seier Skaar.
Neste år
Etter mange forsøk på å dra Sørvik på vasskia, måtte både han sjølv og rogruppa sjå nederlaget augo.
– Eg er skuffa over at eg ikkje klara å komma heilt opp i dag, men forhalda var ikkje heilt optimale. Sist gong byrja eg frå ei brygge, i dag byrja eg ute i Nidelva – det var kaldt, seier Sørvik.
Han kunne likevel lova at det ikkje var siste gong me ser han på vasski bak ein robåt.
– Til neste år skal eg prøva igjen. Då skal me klara det, men no tenkjer eg berre på å stå på ski på snøen, smilar Lars.
NTNUI–ledar Sjur Øyen synes likevel at stuntet var ein suksess.
– Det var litt dumt at han ikkje kom seg heilt opp, men eg er godt nøgd uansett. Sjå berre kor mange folk som har møtt opp for å sjå på. Det var jo det å få merksamd rundt rogruppa som var hovudmålet, seier Sjur Øyen.