– Skitten olje i Noregs matfat

Ein bør velje ei bærekraftig fiskerinæring framfor ein kortvarig oljefest, meiner Daniel Røskaft i Folkeaksjonen.

Publisert Sist oppdatert

Over 80 stadar i landet blei det laurdag tent vardar for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. På Ladehammeren blei det markert med kåseri og allsang for over 120 frammøtte.

– Vardebrenning er ein fleire 1000 år gamal tradisjon som skal varsle om fare. No er det fare på ferde for nokre av Noregs mest skjøre og ressursrike områder, seier Daniel Røskaft, representant frå Folkeaksjonen og medvirkande arrangør av vardebrenninga på Ladehammeren.

Då Arbeiderpartiet (Ap) sin programkomite i januar gav grønt lys for ei konsekvensutreiing av områda nordaust i Norskehavet blei det på nytt liv i debatten rundt eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Røskaft ser på Ap si plutselige bråvending med bekymring.

– No er det viktigare enn nokon sinne at vi får ei breid folkeleg samling som kan stille seg mot forslaget til Ap. Det er forkasteleg å leite etter skitten olje i Noregs matfat, seier han.

Bør satse bærekraftig

Områda nordaust i Norskehavet er kjent for eit rikt biologisk mangfald og som ein attraktiv turistattraksjon. Lofoten har blant anna verdas største kaldvatnskorallrev, ein svært stor bestand av skrei, og er ein viktig hekkeplass for mange sjøfuglar. Røskaft meiner regjeringa må opne auga opp for den ressursen området faktisk er.

– Fem års eksportverdi frå ei samla fiskerinæring tilsvarer den totale verdien av oljen og gassen i Lofoten, Vesterålen og Senja. Difor burde det vere klart for regjeringa at ein bør velje ei bærekraftig fiskerinæring framfor ein kortvarig oljefest i desse områda, seier han.

Røskaft trekk fram klimakrisa som eit anna viktig argument. Per i dag er oljeindustrien ein miljøversting og eit av Noregs aller største forureiningsproblem.

– Som eit av verdas rikaste land er vi nødt til å gå fram som eit godt eksempel. Det nyttar ikkje å be andre, fattigare land stengje sine oljekraner, medan vi sjølve pumpar inn for fullt, seier han.

Auka engasjement

Også i 2011 blei det tent vardar for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Røskaft er svært imponert over kveldens oppmøte og seier saka har fått ei auka interesse etter at den blussa opp igjen i januar.

– I kveld møtte det opp over 120 deltakarar, medan det i 2011 berre var 30. Eg er veldig positivt overraska over oppmøtet i kveld. Det er flott at så mange trossar vinterværet og holka for å delta, det er jo tross alt ein laurdagskveld, seier han.

Røskaft trur saka kan bli eit viktig tema under årets valkamp og er spent på kva side dei ulike partia vil stille seg på i debatten.

– Saka splittar både den sittande regjeringa og fleire andre parti innad. Eg meiner det er bra at Ap endeleg har tatt eit standpunkt i saka, slik vert det lettare for folk å velgje kva dei skal stemme, sier han.

Powered by Labrador CMS