Skjebnetime for HiST

Mykje tyder på at HiST vil tilsetje sin neste rektor. Studentane jublar, medan dei tilsette fortviler.

Publisert Sist oppdatert

HIST

Foto: Magnus B. Willumsen, Under DuskenVANSKELIG VEGVAL: HiST skal snart avgjere om skolen skal tilsetje eller velje rektor.Då studentar og tilsette ved Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST) troppa opp for å røyste ved rektorvalet ved skolen i 2003, kan det ha vore for siste gang. På neste møte 22. november skal nemleg styret ved HiST avgjere om neste rektor skal utpeikast ved val eller tilsetjing. Tilrådinga frå administrasjonen er klar: Rektor bør tilsetjast, og ordninga med val bør avskaffast.

Fryktar økonomirektor

Dermed går administrasjonen mot det eintydige rådet frå fagforeiningane ved HiST. Dei ønskjer å vidareføre ordninga med valt rektor.

Forskarforbundet er ei av desse fagforeiningane. Dei meiner at ein valt rektor har større legitimitet i organisasjonen, og at ei slik ordning er demokratisk og forankra i akademiske verdiar.

Leiar av Forskarforbundet ved HiST, Knut Ole Lysø, fryktar at ein tilsetjingsprosess kan ende med at HiST får ein ekstern rektor som tenkjer meir på økonomi enn fagleg utvikling.

– Det er viktig at rektor har ein fagleg profil og har bakgrunn frå utdanning og høgskolesektoren, seier han.

Lysø meiner at rektorposisjonen har blitt stadig meir utadretta dei siste åra.

– Rektor har på mange måtar fungert meir som ein utanriksminister enn ein innanriksminister. Slik det er i dag, fokuserer rektor for lite innover i organisasjonen og på fagleg utvikling av høgskolen. Denne utviklinga vil bli en bli enda meir markant med ein tilsett rektor.

– Tilsett rektor er meir demokratisk

Studentane ved HiST meiner det motsette av dei tilsette.

– Den einaste fornuftige løysinga er å tilsetje rektor, seier nestleiar ved Studentparlamentet ved HiST (SP), Lene Bakos.

SP er særleg kritisk til at rektor med dagens modell er både dagleg leiar og styreleiar.

– Ei av dei viktigaste oppgåvene til styret er å føre tilsyn med administrasjonen. Då er det veldig merkeleg at styreleiar og leiar av administrasjonen er same person, meiner Bakos.

Ho har sjølv sete i høgskolestyret og synest at dette til tider har vore ei selsam oppleving.

– Titt og ofte var sakene som kom til styret allereie opplesne og vedtekne.

Bakos meiner derfor at ei ordning med tilsett rektor er meir demokratisk enn val, fordi makta til styret blir større. Fleirtalet av styret er i dag samansett av valte representantar for studentar og tilsette.

Powered by Labrador CMS