Slik blir nye Gløshaugen
Prosjektgruppa NTNU 2020 / HiST 2020 har utarbeidd fire framlegg om korleis universitetet og høgskolen blir i år 2020. Tre av framlegga inneber at NTNU-miljøa på Dragvoll vert flytta til Gløshaugen.
SAMLOKALISERING
Det var på NTNUs leiarsamling på Røros at prosjektgruppa presenterte fire scenarier for korleis NTNU og HiST kan vere lokalisert i 2020. Som venta var mottakinga blanda.
Somme vart imponert over scenaria, medan andre syntest dei inneheldt for få detaljar. Spesielt fekk scenario 1 – som tek utgangspunkt i ei to campus-løysing – gjennomgå. Kritikarane hevda at dette var dårlegare gjennomarbeidd enn dei tre framlegga som føresette ein samla campus i området rundt Gløshaugen.
Fryktar at NTNU mistar fokus
Flyttemotstandarane gjentok også argumentet om at eit gigantisk flytteprosjekt vil føre til at NTNU mister fokus i arbeidet med å bli internasjonalt framifrå mot år 2020.
– Problemet med flytteprosjektet er at NTNU rettar fokus mot interne prosessar. Dersom vi ønskjer å bli internasjonalt framifrå, må vi vere utadvendte, sa dekan ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, Bjørn Hafskjold på slutten av leiarsamlinga.
Han påpeikte at universitetet mista internasjonalt omdømme under det siste store omorganiseringsprosjektet, då NTH og AVH vart slegne saman til NTNU.
Ja takk, begge deler
Både rektor Torbjørn Digernes og universitetsdirektør Per Ivar Maudal meinte imidlertid at det er mogleg å stige på dei internasjonale rankinglistene samtidig som ein driv ein omfattande og langvarig flytteprosess.
– Det er mogleg å disponere ressursane på ein slik måte at vi klarer begge deler, sa Digernes.
– Sidan eg vart tilsett som rektor (i august 2005 journ. anm.) har eg brukt mindre enn ti prosent av tida mi på samlokalisering. Mitt fokus er på dei faglege utfordringane til NTNU, sa han.
Endeleg vedtak i mai
Prosjektgruppa analyserer økonomien i prosjektet fram til 3. mars. Då leverer den ein endeleg rapport som vert sendt ut på høyring i universitetsmiljøet.
Talet på scenarier skal då vere redusert til to. Det eine skal vere ei vidareutvikling av scenario 1 og ta utgangspunkt i at NTNU har eitt campus på Dragvoll og eitt på Gløshaugen. Det andre tek utgangspunkt i scenario 2 og 4. Det tredje scenarioet vart lagt bort fordi det stort sett har hausta vrangvilje frå universitetsmiljøet.
Etter høyringsrunda skal universitetsstyret 10. mai vedta om NTNU skal ha eitt eller to hovudcampus i framtida.