Søkjer ny leiar

Studenttinget NTNU (STi) søkjer ny leiar etter at Trond Håkon Andreassen trekte seg frå vervet.

Publisert Sist oppdatert

Andreassen trekte seg som STi-leiar 24. februar av personlege grunnar. Utdanningsansvarleg nestleiar Una M. Halvorsen vil fungere i vervet hans fram til ein ny leiar blir valt. Det skjer på eit ekstraordinært STi-møte den 10. mars.

– Vanvittig spennande

26 år gamle Harris Utne, som studerer teknisk fysikk ved NTNU Gløshaugen, har meldt sitt kandidatur til vervet.

– Somme av sakene som Studenttinget NTNU skal arbeide med i år er vanvittig spennande, meiner Utne.

Han tenkjer først og fremst på samlokaliseringssaka, der universitetstyret i mai skal avgjere om miljøet på Dragvoll skal flyttast til området på og ved Gløshaugen. Fysikkstudenten er i utgangspunktet positiv til ideen.

– Men eg vil kike nøye på rapporten (sjå side 8) før eg kjem med ei bastant meining, seier kandidaten.

Håper på fleire kandidatar

Idet Under Dusken gjekk i trykken, var Utne den einaste offisielle kandidaten til STi-leiarvervet.

– Eg håper det kjem fleire kandidatar. Sjølv om eg såklart har lyst til å bli valt, er det ikkje noko nederlag å tape for ein god kandidat, smiler fysikkstudenten, som ikkje har røynsle frå studentpolitikken frå før.

Han har derimot brei erfaring frå det frivillige studentlivet i Trondheim, mellom anna som nestleiar for IsFiT-03.

Fungerande leiar for STi, Una Halvorsen, håper også på fleire kandidatar.

– Vi ser ikkje etter eit übermenneske. Dersom du har gode leiareigenskapar, er flink til å kommunisere og er engasjert kan du bli studenttingsleiar. Røynsle frå studentpolitikk er ikkje naudsynt. Det går an å lære seg korleis studentdemokratiet fungerer, seier ho.

Studenttingsleiaren er NTNU-studentanes viktigaste tillitsrepresentant og frontar politikken til STi utad, blant anna opp mot universitetsleiinga og overfor media.

Powered by Labrador CMS