– Som plaster på eit brote bein
Velferdstinget er skuffa over at regjeringa berre gir pengar til 30 nye studentbustader i Trondheim.
STUDENTBUSTADER
SiT skal byggje 500 nye studentbustader på Berg. Men byggjinga kan bli utsett på grunn av at regjeringa knip att pengesekken.
250 av dei nye studentbustadene skal byggjast med statsstøtte. SiT fekk støtte til 137 bustader i fjor og håpte på støtte til resten av bustadeiningane i år. Det skjedde ikkje.
Styreleiar i SiT, Sindre Balas, er ikkje nøgd med tilsagnet frå departementet.
– Vi er skuffa. Vi tolka tilsagnet i fjor som eit klart signal om å setje i gang byggjinga på Berg. Når det ikkje blir følgd opp i år, vert det vanskeleg å planleggje prosjektet. Kunnskapsdepartementet gir ulike signal frå år til år, seier han.
Velferdstingsleiar Sebastian Eidem er enda krassare.
– Dette er som plaster på eit brote bein. Budsjettposten til studentbustadbyggjing er altfor låg på årets statsbudsjett. Vi er skuffa over at regjeringa ikkje satsar på studentane.
Kunnskapsminister Øystein Djupedal seier at departementet har prioritert utbyggjingsprosjekt som alt er påstarta.
– Vi har valt å fokusere på å vere føreseielege for samskipnaden. Vi ser imidlertid at behovet er stort og vil kome attende med nye midlar i seinare budsjett, seier han.
Bergen og Stavanger vart vinnarane i årets tildeling. Bergen fekk tilsagn på 179 hybeleiningar, og Stavanger på 100.
Oslo var årets tapar og fekk tilsagn på null hybeleiningar.