Steikte vafler ut – politikk inn
Det er det Studenttinget (STi) håper å oppnå ved å leggje ned studentutvala.
– Vi vil ha eit enklare, tydelegare og meir tilgjengeleg studentdemokrati, seier STi-leiar Ronny Sødahl Furunes.
Foto: Espen Høe, Under DuskenKRITISK: Leiar Reza Mohseni i SU Realfag om nedleggjinga av studentutvala.
Studentdemokratiet maktar ikkje å engasjere mange studentar. Furunes trur noko av forklaringa er det han kaller ein rotete struktur (sjå figur). Det vil bli enklare for studenten å forhalde seg til eit system med fakultetsvise studentråd, meiner han.
Men ein student som ønskjer hjelp, sit seg ikkje ned for å studere eit organisasjonsdiagram, innvender studentutvala. Han går til næraste kontor.
Blanda reaksjonar
Opprettinga av fakultetsvise studentråd vil ramme tre studentutval. Studentutvalet på Dragvoll (SU-HSV) og to studentutval på Gløshaugen (SU Realfag og SU Siving).
SU-HSV er positive til omleggjinga og vil truleg leggje seg ned frivillig. På Gløshaugen er skepsisen større. Prosessen har vore for dårleg, meiner dei her.
– Det har vore for mykje snakking på bakrommet, og for lite open dialog, seier leiar Kristian Ødegaard i SU Siving.
Han presiserer at SU Siving kjempar for ei best mogleg ordning for sivilingeniørstudentane – ikkje for å unngå ei nedlegging.
Gjekk til advokat
SU Realfag har kome med den sterkaste kritikken.
– Vi vart særs lite inkludert i prosessane rundt omorganiseringa og dei avgjerdslene som vart tekne. Vi høyrte i det heile lite om omorganiseringa før fakultetstillitsrepresentantane (FTR-ane) kalte inn til allmøte, seier leiar Reza Mohseni.
Med få dagars varsel fekk han vite at det skulle vere avstemming om studentutvalet skulle leggast ned. Få personar stilte på møtet, og innstillinga til FTR-ane om omorganisering gjekk gjennom.
Men Mohseni reagerte på at allmøtet ikkje vart arrangert etter boka og kontakta advokat etterpå. Advokaten konkluderte med at allmøtet braut med møtereglementet og universitetslova. Fleire vedtak frå møtet vart dermed kjent ugyldig.
STi-leiar Sødahl Furunes nektar for at studentutvala er ført bak lyset.
– Døra til studenttingskontoret er alltid open. Alle kan ta kontakt, og vi vil svare ærleg på alle spørsmål.
STi har vedteke at dei ønskjer at studentutvala legg seg ned. Men korkje SU Siving eller SU Realfag utelukker at dei vil freiste å halde fram drifta. Framtida deira var enno ikkje avgjort då Under Dusken gjekk i trykken.