STi-vedtak: – Styrerepresentantar på heiltid
Sitjande studentrepresentant i NTNU-styret, Bjørn Utgård, er kritisk.
Tekst: Bjørn Romestrand, Anders Sund Rydningen
For atten månader sidan bestemte Studenttinget (STi) at styrerepresentantane ved NTNU berre skulle sitje på deltid. Måndag kveld reverserte STi vedtaket.
Studentrepresentant Bjørn Utgård i styret meiner at den noverande ordninga, der studentane sit på deltid, aldri fekk ein reell sjanse.
– Det er merkeleg at ein etter ei periode og går attende til ei ordning ein tidlegare ikkje var nøgd med, seier han.
– Det heile verkar vinglete.
STi-leiar Ronny Sødahl Furunes er på si side trygg på at Studenttinget har gjort eit fornuftig vedtak.
– Styrestillinga er ei av dei mest krevjande i studentpolitikken. Då er det rimeleg at dei som blir valt, sit på heiltid.
Han har sett fleire teikn på at dagens ordning ikkje fungerer tilfredsstillande.
– I dag har til dømes ikkje styrerepresentantane nok tid til å halde skikkeleg kontakt med resten av studentdemokratiet, seier han.
Utgård trur imidlertid at dette problemet er overdimensjonert.
– Vel så viktig er det for studentane i styret å byggje relasjonar til andre styrerepresentantar. Ettersom styret berre møtest åtte gongar i året, blir ikkje dette enklare for ein heiltidsrepresentant, seier han.
Han trur derimot at det er viktigare med kontinuitet i vervet.
– Men no når styrerepresentantane skal sitje på heiltid, vil nok ingen ta gjenval.