Strid om samlokalisering
Hestnesutvalet II er ikkje einige om NTNU bør samlokaliserast.
Fleirtalet i utvalet meiner at NTNU bør samlast i éin samla campus i området rundt Gløshaugen, dersom styret klarer å finne pengar til det. Men eit mindretal fryktar at ein flytteprosess vil dreie fokus bort frå kjerneverksemda.
– Samlokalisering er ikkje viktigast
Leiaren av utvalet, dekan Anne Grete Hestnes ved Fakultet for arkitektur og billedkunst, meiner at NTNU bør klare å halde fokus på kjerneverksemda samtidig som universitetet planleggjer framover.
– Det skulle berre mangle om vi ikkje klarer å gjere to ting samstundes, seier ho,
Hestnes håper imidlertid at den vidare debatten vil handle om andre ting enn samlokalisering.
– Det finst andre spørsmål som er mykje meir sentrale. Kva er målet for NTNU? Kva bør vi vere i 2020? Dersom vi skal jobbe mot ei felles målsetjing, må vi vere einige om den, seier ho.
Dekanen vedgår at NTNU 2020-prosjektet kom skeivt ut. Det starta med spørsmålet om samlokalisering. Deretter vaks det fram til eit prosjekt som skal styrke NTNU fram mot år 2020.
– Dette er imidlertid ein feil som styret retta opp i fjor. Likevel vil folk helst snakke om samlokalisering. Men samlokalisering er berre eitt av mange moglege tiltak for å styrke NTNU, seier Hestnes.
Mål: Bli best i Europa
I rapporten slår utvalet fast at NTNU bør vere blant dei 10 beste teknisk-naturvitskaplege universiteta i Europa innan 2020. For å klare målsetjinga, skal NTNU rekruttere fleire gode internasjonale studentar. Det bør også prioritere hardare – og vurdere å fase ut forsking på område der universitetet held lågt nivå.
Rapporten vert lagt fram for NTNU-styret på eit strategiseminar 29. august.