
Studentane blir nedprioriterte
Statsbudsjettet 2013 kan setje ein stoppar for studenbustadbygginga.
For femte året på rad føreslås det ingen endringar i statstilskotet til studentbustadar, eller i kostnadsgrensa for slike bustadar. Samstundes har kostnadane til bustadbygging auka betrakteleg.
– Forslaget til statsbudsjett for 2013 kan medføre stopp i studentbustadbygginga. Det framlagte statsbudsjettet er særleg nedslåande på bakgrunn av at det har vore mykje fokus på manglande studenbustadar i haust, og at kunnskapsministeren også har gitt signal om auka satsing på boligar til studentar, seier konsernsjef Knut Solberg i SiT i deira nyheitsbrev.
For lite tilskot
Leiar Alexandra Løvland i Velferdstinget (VT) er ikkje nøgd med neste års statsbusjett, og er skuffa over at studentane nok ein gong vert nedprioriterte.
– Statsbudsjettet for 2013 tek ikkje høgde for den stadige aukninga i studentmassa eller det raskt aukande presset på studentboligar, seier ho.****
Når samskipnadane held seg innanfor kostnadsramma for bygging av bustader, som no framleis står fast på 700 000, får dei tilskot frå staten slik at leigeprisane til studentane vert holdt nede.
– Kostnadsramma er eit bra grep for å halde byggekostnadane nede, men det er på høg tid å auke dei. Denne ramma er for låg, tilskotsandelen er for låg, og samskipnadene klarer snart ikkje lenger å bygge solide, gode og billige bustadar til studentane, seier ho.
Dersom det ikkje vert endringar snart, fryktar Løvland at dei vil få samskipnadsbustadar som er like dyre som dei kommersielle aktørane, og at samskipnaden då vil miste sin funksjon.
– Tilskotet har stått på staden kvil sidan tidleg 2000-tal, og då var det mogleg å byggje ein hybeleinheit for 500 000, medan det i dag er vanskeleg å halde seg under 700 000. Det inneber at tilskotsprosenten ein gong var nærare 50 prosent per hybel, medan den no er faretruande låg. Det er på tide at staten gjer noko med det, seier Løvland.
Heiltidsstudenten er død
Den manglande satsinga frå staten si side fører til høgare husleige og større kamp om dei få studentboligane som fins. Køane til studentsamskipnadanes boligar er enorme ved studiestart, og leigeprisane skyt i taket. Velferdstingets leiar fryktar no at langt fleire studentar vil bli tvungne til å leige dyre og helsefarlege bustadar.
– Me ynskjer at alle studentar skal bu i trygge boligar, og vil luke ut helseskadelege og brannfarlege boligar frå den private boligmarknaden. Med den noverande situasjonen tvinges studentar inn i boligar som aldri ville blitt godkjende av kommunen. Det er på tide at regjeringa byrjar å tenkje langsiktig, seier ho.
Sjølv om ho er kritisk til neste års statsbusjett fins det ein ting ho er svært nøgd med.
– Gradert sjukemelding vert videreført heile neste år, noko me har arbeida veldig mykje for. Me vonar det etterkvart vil bli ei permanent ordning, seier ho.