– Studentane mistar makta
Eit framlegg om å endre samskipnadslova kan føre til at studentane mistar makta over studentsamskipnaden, meiner tidlegare styreleiar i SiT, Ingvill Kvernmo.
SAMSKIPNADANE
Før jul la ei arbeidsgruppe som har gått gjennom samskipnadslova for Utdanningsdepartementet fram innstillinga si. Gruppa rår departementet til å fjerne tilbakekallingsretten, som går ut på at valorganet til studentrepresentantane i styret kan kalle dei tilbake.
– Studentane er på mange måtar eigarane av samskipnaden. I vanlege bedrifter er det vanleg at eigarane kan kalle tilbake representantane sine. Dermed er det naturleg at studentane får behalde tilbakekallingsretten, meiner Ingvill Kvernmo, som var styrerepresentant i Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT) i fire år.
Rapporten frå arbeidsgruppa vert no lagt ut til høyring. Då skal mellom anna samtlege studentsamskipnader i Noreg seie si meining om den. Høyringsfristen er 4. april i år. Det er venta at studentorganisasjonane vil protestere mot framlegget om å fjerne tilbakekallingsretten.