Studentar får ikkje pensjonspoeng

Stortingets pensjonsforlik er ikkje eit moderne kunnskapssamfunn verdig, meiner kritikarane.

Publisert Sist oppdatert

PENSJONSREFORMA

Onsdag i førre veke vart Høgre, Venstre, KrF og regjeringspartia einige om eit forlik om pensjonsreforma. Forliket inneber at studentar ikkje får pensjonspoeng, i motsetjing til vernepliktige, omsorgsarbeidane og arbeidsledige.

Dette har ført til hard kritkk frå studentorganisasjonar og fagforeiningar for høgt utdanna.

– Dette vedtaket er ikkje eit moderne kunnskapssamfunn verdig, uttaler leiar Anders Folkestad i Unio i ei pressemelding.

Også studentorganisasjonane reagerer på vedtaket.

– Regjeringa og opposisjonen har svikta studentane ved å gå med på dette forliket, seier leiar Jens Maseng i Norsk Studentunion (NSU) i ei pressemelding.

Studentorganisasjonane meiner at omleggjinga frå besteårsregelen til alleårsregelen slår negativt ut for studentar. Besteårsregelen seier at pensjonen skal reknast ut frå dei beste inntektsåra til arbeidstakaren, medan alleårsregelen seier at alle pensjonen skal kalkulerast ut frå alle inntektsgjevande år. Dette vil studentar tape på i og med dei er arbeidsaktive i ei kortare periode enn andre. Derfor krevde dei ein kompensasjon i form av pensjonspoeng under studiene.

Regjeringa har tilbakevist kravet og viser til at høgare utdanna mennesker som regel får høgare løn og dermed også høgare pensjon. I tillegg viser dei til at høgt utdanna med låg løn ofte arbeider i det offentlege, og har betre pensjonsvilkår enn andre.

Powered by Labrador CMS