
Studieby Én kan bli lagt ned i 2015.
På årsmøtet vart det vedteke at Studieby Én skal leggjast ned. Studentpolitikarane er uroa.
Leiar i Velferdstinget og studentanes eierrepresentant på årsmøtet Vilde Coward meiner vedtaket er feil.
– Vi studentane har vore imot dette heile vegen. Det første store problemet eg ser er at avgjerda er gjort utan nok arbeid i forkant. Tilrådinga om nedlegging er lagt etter tre møte, utan noka form for konsekvensututgreiing eller evaluering, og ingen kan svare på kvifor dette er den beste løysinga, seier ho.
Kritisk til nedlegging
Coward fortel at eigarane aleine ikkje kan halde den same funksjonen som Studieby Èn.
– Fordelane med Studieby Èn har vore at foreninga er nøytral og utanforstående frå eigarane. Ta til dømes Trondheims kjærastegaranti. Korkje NTNU eller Trondheim kommune kan juridisk gå fram og garantere det. Kven skal då gjere det, spør ho.
Vidare meiner ho dette er problematisk for studiebyen Trondheim.
– Målet er å bli den beste studiebyen i Norden. Foreininga vart oppretta for å at nokon skulle ta ansvar for dei sakene som fall mellom to stolar. Om ein vedtek å leggje ned Studieby Èn på neste årsmøte, stolar eg ikkje på at NTNU, SiT eller nokre av dei andre eigarane tek ansvaret for sakene dei sjølv ikkje tykkjer angår berre dei. NTNU kjem til å reklamere for NTNU, ikkje Studiebyen Trondheim, fortel ho.
Uroa for tilbodet
Ei av hovudoppgåvene til Studieby Én har vore å organisere Tak over hodet, eit tilbod til studentar som slit med å få seg bustad. Vilde Coward meiner dette er eit viktig punkt.
– Eg vil presisere at Tak over hodet står i fare for å ikkje bli arrangert lenger. Det har enorme konsekvensar og er ei av dei største truslane med nedleggjelsen. Om Tak over hodet blir borte, kan det bli katastrofalt for dei nye studentane i byen, seier ho.
Styremedlem for studentane Karen Marie Eidem Skaret meiner at ordninga må bli permanent.
– Denne ordninga er svært viktig for studentane og må halde fram sjølv om Studieby Én vert avvikla, seier ho.
Sjølv om Skaret ynskte å halde fram med foreininga, ser ho at Studieby Én har hatt utfordringar.
– Merkevara har blitt for stor sett i samanheng med kva ressursar foreininga har. Vidare har kanskje dei ulike institusjonane følt at dei har fått for lite att for å vere med, seier Skaret.
Eit av problema har ifølgje Skaret vore at dei ulike utdanningssinstitusjonane har sine eigne rekrutteringsprogram, og ikkje eit samarbeid gjennom Studieby Én.
Vil jobbe for ei ordning
Sidan styret har gått inn for å avvikle Studieby Én, vil ei arbeidsgruppe jobbe for å få til eit alternativ. Studentenes eierrepresentant Vilde Coward meiner det vil bli særs krevjande å få til ei ny organisering.
– Dersom Trondheim kommune og SiT skal ta på seg nokre av dei oppgåvene Studieby Én har hatt, vil det koste mykje pengar, og eg er usikker på om dei har nok ressursar, seier Coward.
Sidan vedtaket må gjerast to gonger, blir det ikkje klårt om Studieby Èn leggjast ned før i mars 2015.