Sverre kvotert inn i styret

Etter eit val der berre 9,5 prosent av NTNU-studentane nytta røysteretten, vart Sverre Bugge Midthjell kjønnskvotert inn i NTNU-styret.

Publisert Sist oppdatert

STUDENTPOLITIKK

Byggstudenten Astrid Elisabeth Pihl stakk av med 29 prosent av stemmene i årets styreval. Ho var dermed valets soleklare vinnar.

På andreplass var det derimot jamnare – faktisk heilt jamt. Sverre Bugge Midthjell og Helene Strøm-Rasmussen fekk begge 301,67 stemmer – eller 12,5 prosent av stemmene. Strøm-Rasmussen hadde imidlertid fleire førsteprioritetsstemmer, og låg derfor på andreplass etter valet.

Det hjalp likevel lite. På grunn av kjønnskvotering må det veljast inn ein mann og ei kvinne i NTNU-styret. Dermed får Midthjell æra av å tiltre i styret 1. august.

Sjølv om både Pihl og Midthjell gler seg over valresultatet, er dei ikkje nøgd med valdeltakinga.

– For to år sidan var valdeltakinga ved styrevalet over tjue prosent. Det bør vere mogleg å kome tilbake dit, seier Midthjell.

Pihl er enda meir ambisiøs.

– Eg ser ingen grunn til at majoriteten ikkje skal røyste.

Ho meiner at studentdemokratiet må bli dyktigare til å informere studentane.

– Når ein ikkje veit kva som som skjer, er det også vanskeleg å vite kvifor ein skal bry seg.

Bugge Midthjell meiner at pliktkjensla til studentane burde vore større.

– Vi må forklare studentane at det har ei plikt til å røyste. Dei aller fleste klarer seg i fem år ved NTNU utan å involvere seg så altfor mykje i studentpolitikken. Men dei bør kjenne eit ansvar, for at deira engasjement kan betre stoda til neste generasjon studentar.

Powered by Labrador CMS