Tente 14 431 kroner på slavesal

Høiskolens Chemikerforening donerer pengane til Røde Kors.

Publisert Sist oppdatert

LINJEFORENINGER

Høiskolens Chemikerforening arrangerer kvar haust opptaksprøver for dei nye studentane ved studiet for sivilingeniør i bioteknologi og kjemi.

– Dei mest utadvendte førsteklassingane stiller opp på slaveauksjon, der dei blir seld til høgstbydande, seier leiar i linjeforeininga, Merete Falstad.

Ti slavar vart selt i haust for til saman 13 000 kroner. Den dyraste gjekk for så mykje som 2200 kroner.

Sjølv om slavesal høyrest ut som eit brutalt konsept, meiner Falstad at opptaksprøvene er snille.

– Berre dei mest utadvendte stiller på slaveauksjonen, og berre eldre studentar får lov til å kjøpe slavane. Slavearbeidet dei vert sett til er heller ikkje så ille. Dei må skrelle poteter, ta litt oppvask og kanskje sørgje for underhaldning på eit vorspiel. Men etterpå får dei vere med på ein flott fest.

Pengane går til Røde Kors og er øyremerka arbeid på asylmottaket. Trondheim Røde Kors Ungdom arrangerer ein rekke aktivitetar på asylmottaket, blant anna leksehjelp til ungane der.

At Røde Kors får ekstra pengar i kassa fører til at dei no kan organisere meir påspanderte aktivitetar.

– Blant anna kan vi arrangere Halloween-fest med kostymer og teatersminke. Barna på asylmottaket har ikkje høve til å aktivisere seg sjølv i veldig stor grad. Når vi kjem for å lage valflar og koke kakao, spring dei mot oss.

Powered by Labrador CMS