Vil behalde studentmakta

Nykommarane i SiT-styret ønskjer ikkje at Velferdstinget skal miste makt.

Publisert Sist oppdatert

Det er Velferdstinget (VT) som vel studentrepresentantane i konsernstyret i SiT. VT kan også stille mistillit til ein av studentane i styret. Denne ordninga vert kalla tilbakekallingsretten.

Eit utval nedsett av regjeringa skal levere ei evaluering av samskipnadsordninga 24. november. Fleirtalet i dette utvalet vil truleg råde regjeringa til å fjerne tilbakekallingsretten.

Guri Melby og Maria Serafia Fjellstad er motstandarar av å fjerne tilbakekallingsretten. Dermed legg dei press på konsernstyreleiar Åge Halvorsen, som i førre utgåve av denne avisa ikkje ønskte å ta standpunkt i saka.

– VT har eit ansvar for at studentane i SiT-styret representerer studentane. For at dette ansvaret skal bli vedlikeheldt, må organet få behalde tilbakekallingsretten, seier Fjellstad.

Under Dusken har alt skrive at dei to studentane i det regjeringsoppnemnte utvalet, Norsk Studentunions Tormund Skinnarmo og Maria-Karine Aasen-Svensrud frå Studentorganisasjonen i Stavanger, vil gå mot fleirtalet i utvalet i denne saka.

Powered by Labrador CMS