Vil sende studentar på bo-kurs
Trondheim kommune vil trappe opp kampen mot tilveksten av studentghettoar i byen. Buopplæring er eitt av dei foreslåtte tiltaka.
BOLIG
Foto: Marte Lohne, Under DuskenTRIVST PÅ MØLLENBERG: Hanne Westbye, Line Østby, Marie Skjevrak, Hilde Knappskog, Hege Rolland Enger og Heidi Tveito trur det finst studentar som treng bu-opplæring.Dei siste ti åra har talet på studentar i Trondheim auka med mellom tretti og førti prosent. 81 prosent av studentene ønskjer å bu sentrumsnært dersom dei fekk velje, viser ei undersøking gjort av NTNU. Derfor har det danna seg ghettoliknande opphopingar av studentbustadar i enkelte bydelar.
Mange er kritiske til denne utviklinga. Dei meiner at den fører til mindre mangfald i bydelane. Studentar aksepterer også ein lågare bustandard enn andre grupper, og det fører til at bygningar i studenttette bydelar ofte vert dårleg vedlikeheldt. I mange tilfeller er dei også brannfarlege.
I tillegg har somme studentar eit levesett som inneber mykje festing og støy. Dette kan skremme bort andre.
– Direkte frå guterommet
Eit av framlegga som kommunen no vurderer, er derfor buopplæring.
– Veldig mange av dagens førsteårsstudentar kjem direkte frå gute- eller jenterommet. Å bu aleine vert difor ein stor overgang. Buopplæring kan derfor ta form som eit innflyttingskurs der ein tek for seg reglane som gjeld. Slike kurs er vanlege hjå SiT. Vi ønskjer at dei kan arrangerast for studentar som bur privat også, seier kommunaldirektør Håkon Grimstad.
Han understreker at dette ikkje er meint som eit «tante Sofie-opplegg».
– Det er snakk om å respektere enkle reglar som gjeld i bufellesskap. Til dømes, dersom det er din tur å ta trappevasken, så tek du trappevasken. Viss ikkje, vil du bli dårleg likt av dei andre i oppgangen.
Familie måtte flytte
Hege Rolland Enger, Hilde Knappskog, Hanne Westbye, Line Østby, Marie Skjevrak og Heidi Tveito bur alle i området rundt Møllenberg.
– Eg trur også mange studentar ønskjer seg til Møllenberg på grunn av den koselege atmosfæren med gammaldagse trehus, seier Tveito.
Sjølv om dei liker seg på Møllenberg, forstår dei at det er problematisk at studentar tek over heile bydelen.
– Det er klart at dei som ikkje er studentar ikkje vil bu her, seier Westbye.
– Ein familie eg kjenner, med to ungar, måtte flytte frå området på grunn av alt bråket, seier Rolland Enger.
– Buopplæring trengst
Dei seks HiST-studentane trur det er mange studentar som treng buopplæring, men trur det er få som vil melde seg på frivillig.
– Det er neppe mange som droppar Fadderuka for å gå på buopplæringskurs, trur Østby.
– Kanskje ein burde ha hatt det på vidaregåande, foreslår Knappskog.
– Men det er kanskje ikkje så mange førsteårsstudentar som trur at dei treng kurs i å bu. Dei tenkjer nok at et er opplagt at dei klarer seg sjølv, trur Skjevrak.