Vil utvide – må kutte
Studentane strøymer til Gløshaugen legesenter, dei fleste for å teste seg for klamydia. Mange må snu i døra.
STUDENTHELSE
Foto: Magnus B. Willumsen, Under DuskenPOPULÆRT: Mange studenter vil teste seg for klamydia på Gløshaugen legesenterHelsestasjonen på Gløshaugen er eit gratis tilbod for studentar. Hit kan du kome sjølv om du ikkje har fastlege i byen. I dag er helsestasjonen open tre timar ein dag i veka, noko som viser seg å vere altfor lite. Førre semester fekk mellom 30 og 40 hjelp kvar gong. I tillegg måtte mange studentar gå heim att med uforretta sak.
Har midlar, manglar folk
Suzette Paasche, velferdsdirektør i SiT, fortel at dei har søkt departementet og fått innvilga pengestønad til å utvide tenesta.
– Midlane har vi fått, men vi har ikkje folk, fortel overlege ved helsestasjonen, Terje Thomassen.
Per i dag har dei tilsett ei helsesyster og ein lege. Dei har søkt etter ei helsesyster til, men har ikkje funne nokon som er interessert.
Thomassen skildrar situasjonen i dag som «heilt på grensa». Kapasiteten er sprengt. Sjølv om planane er å utvide verksemda, kan resultatet bli det heilt motsette – eit kutt i tilbodet.
– Vi vurderer å setje eit tak på 30 kølappar per gong, sukkar overlegen.
Dei fleste kjem for klamydiatesting
Kjønnssjukdommar og prevensjon er det dei fleste ærenda dreier seg om.
– Sexaktiviteten blant studentar er ganske høg, seier Thomassen.
Hovudsakleg kjem studentane for å teste seg for klamydia.
– Mange kjem i panikk, fortel ei kvinne i resepsjonen.
Ho oppgir høgt alkoholinntak som ei sentral årsak til ubeskytta sex blant studentane, som igjen fører til mange panikkvisittar.
Thomassen fortel at dei kvar gong påviser positive klamydiatestar blant studentane.
– Dei sprer det ganske friskt, slår han fast.
Overlegen oppfordrar alle med den minste mistanke om å ta ein test.
– Hos oss er både testing og behandling gratis, informerer han.
Tilbodet er altså godt, for dei som hamnar fremst i køa.
«Studentane sprer klamydia ganske friskt.»