
UKA-25 prydar seg med nytt namn
Årets UKEnamn speglar den økonomiske tilstanden me lev i.
Namnet kastar lys på maktesløsheten studentar kjenner på i møte med ei verd i fritt fall. Den første UKA med nytt bygg beheld tradisjonane, med trestavinga tilbake i namnet Chærrity.

I ei pressemelding forklarer revysjef Hedvig Margeret Venbakken tanken bak namnet. Hun syner til ei verd prega av uro, og at dette ikkje er noko årets revy skal vere redd for å kommentere.
– Samstundes er det ikkje so mykje me vanlege menneskjer får gjort med krig og naturkriser, men éin ting me kan gjere er å bidra til velgjerder. Difor har årets UKE fått namnet Chærrity, seier Venbakken.
Videre forklarar Venbakken at namnet gir fleire assosiasjonar.
– Namnet skal både gi sterke assosiasjonar til det engelske ordet for velgjerd, «charity», og det faktum at me ynskjer å kommentere det som skjer i verda no, altså det som «skjer i tid», lydar pressemeldinga.
Tilbake til tradisjonane
Under UKA-23 braut namnet SPRÆKK! med UKEnamn-tradisjonen om trestavingsord. Då var grunnen at Nybygg skulle etablerast, og at huset bokstavleg talt slo sprekkar. Årets namn går tilbake til den gamle tradisjonen.
– For sjølv om årets UKA er den første med nytt bygg og mykje er i endring, er Samfundet enno ein stad der dei gamle tradisjonane står sterkt, skrivast det i pressemeldinga.
Namnet samsvarar også med UKAs opphav. UKA oppstod for å samle inn peng til Studentersamfundet.
– Når nok ei UKE no bankar på døra og samfunnet generelt er prega av dårleg økonomi, kva passer vel betre enn å arrangera ein skikkeleg Chærrity? avsluttast pressemeldinga.
LES OGSÅ: Årets festivalprogram for UKA-25