
Ein kort, men god affære
Rytmeklubben levde opp til namnet sitt.
Berre 20 minutt før konsertstart var Kunstakademiet i Trondheim (KIT) og scena for kveldens Rytmeklubbutfalding, nesten tomt. Det var framleis ingen grunn til bekymring, for publikum kom. Og dei fekk. Dei fekk ein halvtimes rein elekotronisk glede. Det var minst ein halvtime for lite, men festivalen - Trondheim Calling, har eit tett og strengt program. (Sjå vår oversiktsartikkel her) Ein halvtime er omtrent det dei fleste banda har til disposisjon.
Rytmeklubben nytta dei 30 minutta svært godt. Entusiasme, smil og speleglede frå deira side prega settet. Dei fortset sitt prosjekt om å løfte fram live elektronisk musikk som ei oppleving. Dei freistar å syne oss at elektronisk musikk høyrer heime andre stader enn i senga på “guterommet” og dei gjer det med glans.
No tel dei diverre berre fire i klubben, då bandmedlem Hans Uhre har flytta til Oslo for å ha sex på regelmessig basis. Dette fortel tidlegare kollega Ole Torjus frå scena til latter for publikum. Så set dei i gong med fjerde låt, ein remix av låta Let’s Dance av Sea Change. Eit lite fyrverkeri av alt frå Super Mariolydar til våpen som blir lada fyllte øyra våre.
Rytmeklubben ser ut slik me er vane med å sjå dei, energiske og livlige på scena. Dei slår med fingrane på trommer og rare maskinar og ristar på shakearar. Rytmene deira smittar over på publikum, og KIT var fyllt med ølglade mennesker i lette kast med hovuda og deileg dans. Nokre var litt for opptekne av å prate under konserten, det kan til nød unskuldast sidan det var tidleg på kvelden. Festivalen byr på fleire flotte konsertar og Rytmeklubben var ein perfekt start på fredagen.
I kveld ladar gruppa opp til nachspiel på Yacht Club i kjellaren på Radisson Blu Royal Garden Hotel kl 00.30. Var du ikkje til stades på fredag bør du nytte sjansen til å sjå gutane i aksjon då.