Ein kveld for fansen

Ti år etter releasekonserten for det kritikerroste debutalbumet "Ja takk til trøbbel", sto Johndoe enda ein gong på same scene for gje eit tilbakeblikk på gamle storhetstider

Publisert Sist oppdatert

Johndoe er attende. Trønderbandet sto endeleg på scena at etter sju år i eksil. To reunionkonsertar var planlagt på Blæst, og begge blei utsolgt på nokre få timar. Dei slapp tre album på midten av 2000-talet og var kjent for utretteleg turnèvirksomheit og energiske konsertar. Det siste er meget beskrivande for showet på Solsiden. Debutalbumet “Ja takk til trøbbel” blei slept på same scene, nesten nøyaktig ti år sidan, så ikkje nok med at det var reunion, det var også jubileumskonsert. Også den med release frå scena på Blæst. Skiva var kritikerrost opp i skyane, VG kalte ho “eit av dei bedre debutalbuma i norsk rock ever”, og terningane trilla til seks frå fleire andre avisar og magasin.

Etter Johndoe-t-skjortane å dømme var fansen møtt opp i hopetal, noko som ikkje gjekk upåakta hen frå bandet si side.

For dette var fansen sin kveld. Ekstatiske for å ha sitt favoritt-trønderband attende, om berre for to konsertar. Allsang-faktoren var høg og dei interne kommentarane mellom karane på scena og dei oppmøtte var eit gjennomgåande trekk gjennom heile konserten. Låter fra heile deira reportar vart sunge med karakterisk energi frå vokalist Jonas Skybakmoen og resten av gjengen. Og god hjelp fekk dei frå publikum som skråla for full hals med øl i handa, hoppande, dansande med store smil om munnen. Innimellom låtane fekk vi erklæringar om kor glade bandet var for å vere attende, samt korte anekdoter om byen.

Dei verka oppriktig glade for å vere attende, for å stå på scena der det heile starta, med blikket glidande over mange av dei same menneska som dei såg for eit tiår sidan. For oss andre, som ikkje har høyrt like mykje på bandet, var det fortsatt ein god konsert, det var stemning i publikum og på scena. Det var litt mykje internkommunikasjon mellom dei mest dedikerte og bandet, men kva gjer vel det? Dette var fansen sin kveld, og da har det mindre å seie kva vi andre syns, vi som hadde forvilt oss inn på reunionskonsert med eit av dei mest kritikerroste trønderbanda på denne sida av år 2000.

Powered by Labrador CMS