
Ser dykk på Lundis
- Alt jeg vet om Short Skirts er at de spiller litt bråkete musikk og at han ene er litt douche.
Eit godt og om ikkje hel-, så halvpassande sitat om bandet som spelte på Blæst i går. For bråkete musikk spel dei, men blandinga av punk og surfrock er alltid så tight og fengande at bråket er det som appelerar. Det er grunnen til at vi kjem på konserten. Som fyrste band på ei scene under ein festival er det ikkje alltid like lett å levere eit bra show, men med litt over halvfullt lokale låg premissa tilrette for ein god konsert. Til tonane av nostalgiyndlingen Bonanza gjekk Short Skirts på scena, med blomstra skjortar og tattovert ræv.
Musikalsk var det ein meget bra konsert. Det byrjar å bli nokre vekar sidan dei spelte live i byen sist, så settet var ein blanding av gamle og nye låtar. Gutta er samspelte til tusen og det verkar som om dei ikkje har gjort noko anna enn å stå på ei scene.
Ingen eksplosjon
Dessverre vart Blæst for stort eit lokale for å gje den trøkken Short Skirts treng for å verkeleg levere. Bandet treng å få publikum i fleisen, sjå svette folk, høyre personar skråle skjellsord og dei treng ein liten moshpit framfor seg. Sjølv om publikum dansa og var i godt humør, så var det ikkje nok folk tilstede for å få Blæst til å eksplodere. Dette merkast nok best hjå vokalist Espen Svendsen. Han småvitsa litt, men eksploderte aldri inn i den showmannen vi fekk sjå på Knaus-konserten for nokre månader sidan.
Inntill gutta treff superstjernehøgder, som eg reknar med skjer om ikkje for lenge, vil det perfekte lokalet vere trongt, mørkt og svett. Vi såg det på Knaus, og vi kjem til å få sjå det på laurdag. Da spel bandet på Fru Lundgreen, eit lokale som passar som hånd i hanske for surferockerane.I kveld fekk vi sjå ein bra konsert, men det vart ikkje meir enn oppvarminga til fjes-og øyreknusinga Short Skirts kjem til å levere på laurdag.
Vi sjåast der.