Vekas album: Band Of Skulls - «Himalayan»

Endeleg slepp alternativrockarane sitt tredje studioalbum.

Publisert Sist oppdatert

To år er gått sidan sist me høyrte frå den britiske trioen. Kritikarroste Sweet Sour kom ut i februar 2012, og Band Of Skulls gav oss lyst på enda meir. Endeleg er oppfølgjaren her. Himalayan blei sluppe i går, og me vil med dette gje deg vekas albumanbefaling.

Band Of Skulls held fram med å lage utruleg fengande rockelåter. Dei er som ein deileg krysning mellom The Black Keys og The White Stripes. I botn ligg deira eige særprega lydbilete, og Himalayan serverer oss genuin rock av høg kvalitet. Bassist Emma Richardson si råe stemme utgjer ein essensiell del av særpreget. Innslag av ein kvinneleg vokalist er eit kjærkome og friskt pust. Hennar og gitarist Russel Marsden sine vokalar, utfyller kvarandre på ein behageleg måte. Dei er komplementære som salt og peppar.

Med tittelsporet «Himalayan», får me ein introduksjon til albumet som er rask, kul og tilbakelent, med grove gitarriff og heit vokal. Tempoet blir skrudd ned eit par hakk i låter som «Cold Sweat» og «You Are All That I Am Not». Her er det rom for å leggje seg ned i det grøne vårgraset og berre nyte. Det gjeld også «Nightmares», som allereie har rukke å bli ein hit. Med sitt noko dempa refreng og meir upbeata vers, er dette ei låt med ei lysande radioframtid.

Band Of Skulls framstår som solide alternativrockarar med trua på seg sjølv, og det med god grunn. Himalayan gir oss akkurat det me vil ha - eit Band Of Skulls slik me har lært å kjenne og elske dei, pluss litt til.

Powered by Labrador CMS