
– Vi er faktisk på konsert, okay?
Fay Wildhagen imponerte stort på Brukbar / Blæst fredag kveld.
Dei skjelvande tonane frå ei fele breia seg rundt oss på Brukbar / Blæst. Så kom trompeten også, det heile var litt trolsk. Fay Wildhagen entra scena og song kveldens fyrste strofe «You are safe with me», med si vibrerande og skjøre stemme. «Into the Woods», som også er opningssporet frå sommarens debutplate, blei eit faktum og fekk frysningane til å rase over heile kroppen.
Det glei beint over i «Fire on the Mountain», kjent og kjært slik me kan høyre det på albumet, men med små variasjonar slik ein gjerne vil ha på liveopptredenar. Frysningane fortsette.
Så var det tid for tidenes smalltalk. Fay Wildhagen er så sjarmerande, og har slikt eit vinnande vesen, at det halve hadde vore nok. Ho freista lukka med å prate både litt trøndersk, litt dansk og litt nederlandsk. – Me elskar deg, ropte nokon. Dei fekk eit blygt smil ned i bakken pluss eit – Eg elskar deg også, tilbake. Men dette blei for koselig, meinte Wildhagen. –Vi er jo faktisk på konsert, okay? poengterte ho før det raskt bar over til glade «We Are».
Allsongfaktoren og dei korliknande tilstandane som oppstår, skal ein ikkje kimse av. Ein blir reint lukkeleg av det. Når Wildhagen i tillegg la arma rundt skuldrene til trompetist og perkusjonist Ina Sagstuen blei det igjen nesten for koselig. Måtte ho for alltid halde seg så jordnær og gje oss kjensla av å vere tilbake i ungdomsskuletida, med tenåringslivets forholdsvis enkle tilvære.
Konserten blei avslutta med tittelsporet «Snow». Her viste Fay Wildhagen kvar ho er aller best. For ja, det kan blir for mykje småprat mellom låtene. Med «Snow» tok ho oss tilbake til byrjinga av konserten. Det var heilt tyst og all merksemd var atter retta mot henne. Hennar karakteristiske stemme og ein gitarsolo som er av ei anna verd fyllte kvar celle i kroppen. Dette må vere ein av årets beste norske låter. Og Fay Wildhagen ein av dei beste bookingane Brukbar / Blæst har hatt denne hausten, ein bookingmeny som allereie er sinnsjukt bra. Fay Wildhagen skal fortsette turneen sin, nytt høvet til å oppleve ho neste gong du har det.