
«Emily, it will get stormy»
ANMELDELSE: Det eksploderer i oss under Emilie Nicolas sin konsert på Byscenen fredagskveld.
Det er ein sånn kveld der den nesten fulle månen ikkje meinar det heilt. Og Trondheim anno november 2014 er kaldare enn nokon gong. Me trekk heller inn på Byscenen, og kva skal me der? Me skal oppleve Emilie Nicolas live. Ja, klart du er misunneleg.
Den stemma. Håret, sminken, kleda, utstrålinga. Den stemma. Ho har stålkontroll heile vegen. Saman med bandet tar ho oss til himmels med fantastiske «Charge». Dei ser ut som dei er på kvar sin planet der oppe på scena. Han på bass, han på trommer og pads, han på synth og ho. Eit hovud dunkar hardt, medan eit anna rører seg i mjuke bølgjer. Men resultatet låter som om dei ikkje har gjort noko anna i liva sine, enn å spele saman.
Dei tar oss ned på jorda att med aldeles nydelege «Nobody Knows», ein av singlane og opningssporet frå debutalbumet Like I’m A Warrior som kom i september. Så sart og vakkert at det halve hadde vore nok. Kontrasten er då stor til ei bombe av ei låt, «Fail» som fylgjer rett etter. Den startar som ein eksplosjon langt inne i beinmargen, som via kvar einaste nervebane breiar seg ut i alle fingrar og tær. Alle tankar om at Emilie Nicolas eigentleg er søt og uskuldig blir viska ut. «Bitch, you got it served on your back/unaware that the sky is your ceiling/so don’t call me lazy/I go down on him daily». Bang! Der har du den.
Denne troikaen blir fulgt av ei ny låt med ukjent namn. Med eit piano som klorar seg fast til hjartet, og blir der for evig. La denne låta kome på handfast materiale snarast. Me vil ha meir. Så vandrar kanskje merksemda litt bort frå scena. Kanskje fokuset blir retta mot den slitne ryggen min, og kanskje det eigentleg er litt for varmt på Byscenen denne kvelden. Før alt eksploderer igjen. Emilie tar eit fast grep om oss, krever full merksemd då tida er inne for tidenes Trondheims-låt, «Pstereo». Kald november blir bytta ut med varm sommar på Marinen, øl og festival.
Noreg og verda ligg klar for dine føter, Emilie. Dette er berre byrjinga, me gler oss til resten.