Flatt storband

Odd Loves To Dance serverte oss pop av det noko intetsigande slaget.

Publisert Sist oppdatert

Odd Loves To Dance hadde selskap av to ekstra saksofinistar på scena under fredagens konsert på Trondheim Calling. Ein fekk ei kjensle av at det var eit storband ein hadde føre seg inne på vetle Bær & Bar, ei interessant kjensle. Dei smalt i gang med «Tango For Two» og søte tonar breia seg ut i lokalet.

Basert i Trondheim, men med vokalist frå Toten er bandet ein jovial kvartett som i følgje seg sjølve spelar hårete og nostalgisk post-pop. Debutskiva skal ikkje vere langt unna, og i ekte hipsterand er den spelt inn på nettopp vokalist og bassist Hallvard sin familiegard heime på Toten i løpet av fjorårets sommarferie.

Andre låt ut var «Out Of Minds» og trommisen freista lukka som vokalist, noko han fiksa bra. Det er kult når mennesket som ofte får minst merksemd på scena får eksponere seg på denne måten. Under «Dinosaur» tok dei oss med ein snartur til universet med eit svært spaca og deilig parti.

Elles kunne den vesle halvtimen dei hadde til rådigheit vore nytta enda betre, fem låter var det dei rakk. Og dette var låter som høyres heilt like ut på Sound Cloud, med unntak av saksofonane. Dei klarde ikkje å trollbinde publikum slik dei har potensial til. Dette var diverre ikkje den mest minnerike konserten på Trondheim Calling.

Powered by Labrador CMS