
Vekas album: Ben Howard - I Forget Where We Were
Singer-songwriter Ben Howard gir mørketida eit lydspor.
Debutalbumet hans, Every Kingdom frå 2011 sit enda friskt i minnet. Det same gjer fantasiske The Burgh Island EP frå 2012, der blant anna vår eigen Monica Heldal bidrar. Ben Howard er eit ungt britisk talent som er kome for å bli. Endeleg sit eg her med hans andre fullengdar i nevane. I Forget Where We Were blei sluppe på mandag, 20. oktober, og den lev opp til høge forventingar.
Det verkar som guten har blitt vaksen. Albumet er jamnt over mørkt og med dystre tema som krig og likegyldigheit. Eg ser for meg eit menneske som har tatt eit skritt tilbake frå ei masande folkemengd og freistar å skildre det han ser. «I was watching Syria blinded by the sunshine strip» er noko av det han observerer i tittelsporet.
Ein kan nesten kutte albumet i to og smake på restar av Every Kingdom i fyrste halvdel. Her har du blant anna søte og barnslige «She Treats Me Well» med sin imponerande akustiske gitar og fingerspel slik me kjenner Howard. The Burgh Island EP kom som eit frampeik på det som skulle bli, og andre halvdel av den nye skiva gir sterke assosiasjonar til nettopp denne EP’en. Den elektriske gitaren saman med synth dominerer. Her finn me den andre singelen frå albumet, sterke «The End Of The Affair», som allereie er planta og har grodd godt fast i hjernen til underteikna.
Så, gjer deg sjølv ei teneste og sjekk ut I Forget Where We Were. Om du verkeleg meinar det, kan du unne deg ein liten ferie før eksamenshelvete bryt ut for alvor, og reise og sjå Howard live på Sentrum Scene i Oslo neste månad. Det vil du neppe angre på.