
VEKAS ALBUM: Father John Misty - I Love You, Honeybear
Intelligent og sylskarp oppfølgjar av den amerikanske indierockaren Father John Misty.
Det er så artig når trommisen bryt ut og går sine eigne vegar. Spesielt når han opererer under alteregoet Father John Misty og slepp eit album som I Love You, Honeybear, då er det ei rein fryd. Denne mannen, også kjent som Joshua Tillman, var opprinneleg trommeslagar i det skjeggete indie-folk bandet Fleet Foxes. Som Father John Misty debuterte han med Fear Fun i 2012, av enkelte rekna blant dei beste albuma så langt dette tiåret. Endeleg er oppfølgjaren her.
Håplaus kjærleik går som ein raud tråd gjennom heile plata. Dei sarkastiske, nesten bitre kommentarane sit laust. Men heile tida med humor og intelligens i botn. Sjekk berre disse linjene frå fjerde låt ut «The Night Josh Tillman Came To Our Apt», som altså inkluderer hans eigentlege namn:
«I just love the kind of woman who can walk over a man / I mean like a goddamn marching band / She says, like literally, music is the air she breaths / And the malaprops make me want to fucking scream / I wonder if she even knows what that word means / Well, it’s «literally» not that»
Maken til håning av dette tilsynelatande dumme kvinnfolket, pakka inn i muntre Beach Boys-liknande tonar med strykarar i bakgrunnen. Kven er eigentleg denne fyren? Ikkje godt å seie, men me tilgjev han for alt han gjer.
No kan du like gjerne toppe det heile med å helle whiskey i mjølkeglaset, synke ned i den slitne godstolen din og deppe til den brutale singelen «Bored In The USA». Dette er eit nådelaust spark til blant anna tankelaus materialisme, usunt fokus på fysisk skjønnheit og brotne lovnader om den amerikanske draumen. Ingen lette tema, men viktig å gi merksemd til, og Father John Misty gjer det treffande og sylskarpt. Om du berre vil danse våren lukkeleg i møte, er dette kanskje ikkje plata for deg. For alle andre vil eg anbefale ho på det sterkaste.