Ikkje min stortingspolitikar
Det er huggeleg at Christian Tybring-Gjedde les avisene våre. Vi føler likevel at kritikken hans bommar litt på målet.
Tekst: Emil Henry Flakk og Eivind Digranes
Christian Tybring-Gjedde kritiserer den 11.03.13 Under Dusken sin journalist for å vera tendensiøs og medlem av den såkalla politiske korrekte klikken i dagsavisene. Dette er sjølvsagt smigrande, men vi må likevel skuffe han og slå fast at vi er relativt kjedelege menneske. Sjølv er vi skuffa over det som framstår som ein relativt vant klagesong frå Tybring-Gjeddes side.
Dette er eit gjengs mønster hos Tybring-Gjedde: Når journalistar er eit talerøyr for presserådgjevarane til Frp, er dei balanserte. Når dei stiller spørsmål ved hans utsegn, er dei politisk korrekte. Ynskjer Tybring-Gjedde her å oppnå kredibilitet, bør han finne ein tidsmaskin og kan hende redigere nokre av kronikkane sine frå dei siste fem åra.
LES OGSÅ: – Akk, hvor lite originalt
Som skrivande medier har vi eit særskild ansvar for å verne folk mot seg sjølv, men vi kan ikkje ta ansvar for at ein stortingspolitikar sjølv legg opp til at folk set spørsmålsteikn ved motiva hans. Vårt råd til neste gong er å ta opp innvandring og integrering med arbeids- og inkluderingsministeren, ikkje vår fyrste muslimske kulturminister.
Journalistar skal ikkje sleppe unna kritikk, sjølv om dei er studentar. Tybring-Gjedde blir likevel sin eigen fiende når han brukar bruker ord som “elendig” om alt som minner om kritikk. Også Tybring-Gjedde må tole å bli gått etter i saumane. Tybring-Gjedde har kasta bort ei gyllen moglegheit til å koma med konstruktiv kritikk, rett og slett fordi han adresserte klagen til ein konspiratorisk mafia som prøver å øydeleggje Tybring-Gjedde. Vi er heldigvis ikkje dette. Vi er ei studentavis.
Vi finn det samstundes underleg at ein høgståande politikar går så hardt ut mot mot ein studentjournalist. Er dette verkeleg det ein folkevald person bør nytte tida si på? Tybring-Gjedde seier kritikken av han er uoriginal og lite modig. Vi stiller oss skeptiske til at det er meir modig å gå i strupen på ein studentjournalist, som manglar både stortingsplass og klippekort til dagspressen.
Kvar og ein har rett til si eiga meining, men surmaga nedrakking er ingen rett.
Med raus helsing,
Emil Henry Flakk, sjefsredaktør for Under Dusken
Eivind Digranes, sjefsredaktør for dusken.no