
Innskrenking av rettar for studentar ved nye NTNU
DEBATT: Forslaget til ny studieforskrift kan tvinge fleire til å måtte leggje engasjementet på hylla, åtvarar Christoffer Vikebø Nesse, Leiar Tekna Student NTNU/HIST.
Tekst: Christoffer Vikebø Nesse, Leiar Tekna Student NTNU/HIST.
I forbindelse med at NTNU, HiST, Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Ålesund fusjonerer, må NTNU-styret i november vedta ei ny studieforskrift. Denne skal gjelde alle studentane som inngår i dei fusjonerte partane.
Forslaget som no er ute til høyring inneber at det vert enklare å miste studieretten, vanskelegare å få permisjon og færre moglegheiter til å bestå eksamen.
I dag er det slik at dersom ein stryk i eitt fag, har ein uavgrensa forsøk til å bestå faget så lenge ein opprettheld krava til progresjon. Med forslaget til ny studieforskrift får ein totalt berre tre forsøk på å bestå eksamen. Stryk ein på tredje forsøk får ein ikkje ta emnet.
Tre forsøk burde vere nok, men det som er skremmande er dei moglege konsekvensane dette kan ha for nokon. Tap av studieretten er føreslege til å ikkje følgje studieprogrammet ein går på, men studenten! Dersom ein til dømes stryk i Ex.phil tre gonger er det game over. Då er alle studieprogram med Ex.phil. som obligatorisk emne utelukka for deg på NTNU, og ein kan risikere å måtte ta eitt tilsvarande emne i ein anna by for å få fullført graden sin.
På til dømes sivilingeniørstudiet er det svært mange emner som er obligatoriske. Dette er med andre ord fag ein ikkje kan byte med eit anna emne viss ein skulle stryke for mange gonger. Ein anna konsekvens av forslaget til studieforskrift kan vere at kontinuasjonseksamen om sommaren på sikt vil forsvinne, spesielt i fag som går i både haust- og vårsemesteret. Det vil være ein tung byrde å måtte ta opp eit fag samstundes som ein har fire andre ordinære eksamenar.
Det er vidare fag på NTNU som har svært høg strykprosent. Vi kan risikere at NTNU blir nøydd til å senke sine faglege krav for å hindre at for mange mistar studieretten. Det vil vere svært uheldig om NTNU skal fire på sine akademiske krav.
Det er studentanes engasjement i Trondheim som gjer byen levende. I dag har Trondheim Noregs største og mest allsidige idrettsforeining, Noregs største kulturfestival, verdas største internasjonale studentfestival, eit mangfald av linjeforeiningar og mykje meir. Næringslivet som rekrutterer i frå Trondheim anerkjenner viktigheita av kunnskap og erfaring studentar tileignar seg gjennom frivillige verv.
Nyleg har fleire sentrale instansar kontraktfesta eit ambisiøst mål og ein framtidsvisjon om å også verte Nordens beste studieby. Nokon meiner at vi allereie er der, medan andre meiner at vi har alle føresetnadar for å bli det. Ein ting er i det minste alle einige om: «Studentenes engasjement og det unike samarbeidet er sannsynligvis de viktigste faktorene bak suksessen.»
Den nye studieforskrifta er framleis ute på høyring, og skapar stort engasjement blant dei som faktisk høyrer om den. Den er allereie samtaleemne hjå Studentersamfundet, linjeforeiningar og andre studentorganisasjonar. I dag, torsdag, skal saken behandlast av Studenttinget på NTNU.
Forslaget til ny studieforskrift kan tvinge fleire til å måtte leggje engasjementet på hylla, slutte å være studentar og berre vere studerande. Ikkje la dette skje!