Opphev bussmonopolet
I Adresseavisen i førre månad kunne vi lese om Vigdis Fagervik som brukte 76 minutt på å busse frå Vikåsen til Heimdal. Når ho tek bilen, bruker ho eit kvarter på strekninga.
Artikkelen stadfesta noko dei fleste studentar alt veit: Du bør ikkje vere i tidsklemma om du skal bruke bussen vinterstid.
Det er ikkje eit studentvennleg tilbod. Studentar har ikkje spesielt mykje betre tid enn alle andre, og mange av dei er avhengige av bussen. Slik vil det vere så lenge HiST er spreidd i avdelingar over heile byen, og NTNU har ein campus på Dragvoll.
Dei siste fire åra har Trondheim kommune hatt ansvar for busstilbodet. Resultata er ikkje imponerande: Billettsystemet er gammaldags og lite fleksibelt, rutebussane er upålitelege og vognene er overfylte.
Meir midlar frå kommunen kan gi eit betre tilbod og lågare prisar. Men Team Trafikk har ikkje vist seg å vere spesielt dyktige til å omsetje pengetilskot til eit betre busstilbod: Det elektroniske billettsystemet, som først vart testa ut i 2002, er blitt utsett ei rekke gongar; viljen til å prøve ut nye og meir miljøvennlege driftsformer er lita; evna til å tilpasse seg signal frå kommunen er manglande.
Få vil bli sjokkert over at eit monopol fungerer på denne måten. Kommunen har lita moglegheit til å betre busstilbodet, så lenge Team Trafikk stadig set seg på bakbeina.
Etter jul skal fylkeskommunen ta over ansvaret for kollektivtrafikken i Trondheim. Då skal dei dele ut konsesjonen. Dersom den går til Team Trafikk, og fylkeskommunen ikkje kan subsidiere selskapet like mykje som kommunen har gjort, risikerer Trondheim eit enda dårlegare busstilbod enn byen har hatt til no.
Heldigvis vil det bli konkurranse om konsesjonen. Gråkallbanen har søkt. Selskapet har ikkje same røynsle som Team Trafikk med å drive eit kollektivtilbod for heile kommunen. På den andre sida verkar Gråkallbanen meir framtidsretta og idérike, og dermed betre skikka til å stå for busstilbodet i teknologihovudstaden.
Men, som daglig leiar Erlend Solem i Gråkallbanen medgir, det er ikkje noko framsteg at Gråkallbanen blir monopolist i staden for Team Trafikk. Den beste løysinga for Trondheim vil vere om to busselskap må konkurrere om marknaden. Spørsmålet er om marknaden er stor nok, men den vil truleg vekse om tilbodet blir betre.