Utveksling bør bli norma framfor unntaket

Debatten omkring utveksling handlar ikkje om å tvinge studentar ut, men å tvinge institusjonane til å legge til rette for dei som ønsker å dra.

Tekst: Felipe Fawcett, Internasjonalt ansvarlig ved Studenttinget

Tidlegare dette semesteret uttalte forsknings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø at regjeringa har eit langtidsmål om at halvparten av alle studentar skal dra på utveksling i laupet av studiet. Tiltaket statsråden foreslår for å oppnå dette målet er å gjere utvekslingsopphald under studia ein del av norma, der dei som ikkje ønska eller har moglegheit til å reise på utveksling skal kunne velje det bort.

Les også: Vil vurdere obligatorisk utveksling for alle

Studenttinget meiner at internasjonalisering og studentutveksling gir nye moglegheiter for kunnskap- og kulturutveksling, samtidig som at det bidrar til mangfald i studiekvardagen. Vi meiner at studentmobilitet bidrar til studentanes moglegheit til å tileigne seg ny kompetanse, erfaring, og kunnskap som ein elles ikkje ville fått på «heimebane».

Når statsråden understrekar at utveksling skal bli norma, men likevel ikkje eit tvangsmiddel for å få studentar til å reise ut, stiller vi oss positive til forslaget. For at utveksling skal bli norma i studiekvardagen vår er det NTNU som må ta ansvar og legge til rette for at alle studentar har like moglegheiter for å dra på utveksling. Vi har tru på at NTNU har gode intensjonar om å sende ut flest mogleg på utveksling. Dei siste tre åra har målet vore at minst 40 prosent av NTNUs studentar skal ha eit opphald ved ein lærestad i utlandet av eitt eller to semesters varigheit. Likevel ligg det resultatet i dag på rundt 18 prosent.

Vi krev at NTNU skal ta større ansvar for å sikre at alle studentar ved NTNU får like moglegheiter for å dra på utveksling. Ved fleire anledningar har studentar uttalt at dei ikkje fekk tilstrekkeleg med rettleiing under søknadsprosessen. Det har ført til at utvekslingsopphaldet aldri blei noko av. Studenttinget foreslo tidlegare i år eit tiltak som vi kallar «emnepakkar». Ein emnepakke vil vere ein førehandsgodkjent fagplan utarbeida av NTNU, ved ein spesifikk utdanningsinstitusjon, slik at studentar kun treng å bestemme kva utdanningsinstitusjon dei ønske å utveksle til. Då kan dei tenke på utvekslingsplanen sin med tryggleiken om at emna dei tek er av god kvalitet og vil bli godkjent av NTNU. Dette meiner vi kan lette på mykje av byrda studentar opplever i dag når dei sjølv må sørge for at emna dei tek i utlandet blir godkjent. Med førehandsgodkjente emnepakkar treng studentane kun å signere ein utvekslingsavtale og så reise ut.

Det viktigaste for studentane er at utveksling er eit tilbod som er attraktivt og enkelt å melde seg opp til. Studenttinget meiner at internasjonalt samarbeid og internasjonale perspektiv er ein føresetnad for å handtere globale samfunnsutfordringar, og då er det spesielt viktig at dagens og morgendagens studentar får gode moglegheiter til å tileigne seg desse perspektiva. Denne debatten handlar ikkje om å tvinge studentar ut, men å tvinge institusjonane til å legge til rette for at dei som ønsker det får dratt ut.

Powered by Labrador CMS