Suppekraft med superkraft

Trendy tradisjonsrett frå Japan har innteke Trondheim

Publisert

I det nyoppussa lokalet i Thomas Angells gate 1 sit folk krokbøygde langs vindusrekka og slurpar. Eit titals spretne nudlar vert manøvrert inn i svoltne gap ved hjelp av to spisepinnar. Etter stor suksess i Oslo har ramenkjeda Koie kome til Trondheim, og ut frå køen på utsida å døme, er trøndarane viljuge til å dyppe barten i ei anna kraft enn sodd. Menyen er sett saman av velkjende japanske supper. I løpet av dei fire vekene Koie har halde ope, står tonkotsu som bestseljar.

KOIE

  • Thomas Angells gate 1
  • 180-200 kroner for hovudrett

Tonkotsu har ei tjukk, ljos kraft og er dandert med vannkastanje, store maiskorn, solgule egg, kjøtskiver og eit lite berg av strimla fersk vårlauk. Det heile er omgjeve av tital med semitynne kveilar av nudlar, som teke frå ein Studio Ghibli-film. Sjølve hovudingrediensen – nudlane – er spenstige og tiltrekkjer seg smaken frå krafta utan å bli soggy. Kveilane er gummiaktige på spisepinnen og ettergjevande i møte med tennene.

LES OGSÅ: Perfekt bakfyllamat

Suppekrafta er fyldig og feit og glir friksjonsfritt ned i systemet, slik ein ynskjer pensum kunne gjort. Ho har eit velkjent og folkeleg hint av svin og byr på lite utfordring i både konsistens og smak. Temperaturen er like under kokepunktet og varmar heile tarmsystemet frå innsida. Saman med dei delikate, skorne kjøtskivene som ligg lent opp mot sida av skåla, er det ikkje langt frå sundagsmiddagen hjå bestemor.

Det er likevel noko overraskande i den djupe skåla. Store, gule maiskorn ligg og badar i havet av kraft og er som ei søtleikfull bombe mellom jekslane. Eit perfekt popp frå ei råvare som elles kan verke ganske stusseleg. Litt gøymt og gløymt inneheld Tonkotsu også skiver av vannkastanje. Skivene trekkjer godt til seg smaken frå krafta, men gjer lite ut av seg utover konsistensen. Vårlauken breier seg utover og bidreg til ein skarpare smak. Strimlane tilfører ein essensiell friskleik og sprø, krisp konsistens. Høgdepunktet med retten er utvilsamt det silkemjuke egget, som duppar i den varme krafta og tek til seg alle smakane. Konsistensen og smaken er upåklageleg. I tillegg til å ha valet mellom seks hovudrettar til snaue tohundrelappen, byr Koie på ei rekkje siderettar som er spanande å prøve, men ikkje naudsynte for å verte mett.

Det er lite å klage på hjå Koie. Den nyopna restauranten serverer gode rettar med rette konsistensar innanfor budsjettet og er perfekt som hipp trøstemat. Ein kan frå eigne preferansar velje om ein treng omsorg i form av utfordringslaus rett som tonkotsu, eller om ein treng noko som sparkar litt, til dømes tantanmen, som har raudleg fiskebasert kraft med chiliolje. Lydnivået i lokalet kan bli litt overdøyvande, og høgda på stol og bord samsvarer ikkje, så av omsorg for eigen ryggrad bør ein ikkje nyte den sjølvmedlidne suppa for lenge.

LES OGSÅ: Her finner du den beste kantinematen

Powered by Labrador CMS