Under Dusken tek juleferie!

Når eksamensperioden er i gang må også me bytte ut vervarbeid med studiar.

Publisert Sist oppdatert

Men fortvil ikkje! Produksjonen startar opp att i januar og du kan fortsatt lesa tidlegare utgåver av Under Dusken i magasinarkivet.

Dersom du treng eit avbrekk frå eksamenslesing og påfølgjande julestri og familieselskap kan du kose deg med nokre av dei mest leste sakene frå dette semesteret:

Mimre tilbake til semesterets høgdepunkt – UKA:

1. Nok en gang smalt det under UKErevyen

Her kan du få eit innblikk i livet på sagnomsuste Singsaker studenterhjem:

2. Sigrid og Jo bor med over hundre andre studenter: – Som et eget sosialt samfunn

Ynskjer du deg snø til neste jul òg? Les denne leiaren og spør deg om bærekraftsambisjonane til NTNU eigentleg er grønvask:

3. NTNUs kåthet for Gløshaugen hjelper kun dem selv

Som forskotsvis julegåve til alle samfundsmedlemmar, vedtok finansstyret å senke medlemsprisane på øl under Samfundsmøte:

4. Billigere øl på Samfundet vedtatt

I haust oppstod studieprogrammet Georessursar og geoteknologi og fekk umiddelbart høgare søkartal enn det nedlagte petroleumsfaget:

5. Endret petroleumsutdanningen – fikk dobbelt så mange kvinnelige søkere

Send oss tips

Gjerne bruk jula på å skrive eit lesarinnlegg til oss! Det kan du sende til debatt@studentmediene.no (Lengde: 1800-3000 teikn, inkludert mellomrom).

Me tek gladeleg imot sakstips i ferien også, men gjer merksam på at svartid kan vera lenger i denne perioden. Dersom du kjem på noko du meiner me bør dekke, kan du sende det på e-post til tips@studentmediene.no.

Neste utgåve av Under Dusken kjem ut 16. januar 2024. Samtidig startar me opp att med produksjon på nett, kor du finn aktuelle reportasjer, ferske studentnyheiter, skarpe omtalar, underhaldande videoar og nye og gamle sendingar frå Radio Revolt.

Me ynskjer alle lesarane våre lykke til med eksamen og god jul!

Powered by Labrador CMS