Brev til ein generasjon

Anne Bitsch er lei av å bli objektifisert av media. Ho saknar eit samfunn som viser omsorg og forståing for dei marginaliserte.

Publisert Sist oppdatert

– For meg er det å vere feminist ikkje det same som å vere kvinnerettsaktivist, men å ha eit kjønnsperspektiv på ting. Eg har alltid vore opptatt av dei som er svakast og dei som er mest utanfor. Nokre gonger kan dette paradoksalt nok vere menn, for det å leve i eit samfunn som ikkje er likestilt treff også dei, seier Anne Bitsch.

Fakta

Aktuell med:

Boka Brev til en ufødt datter. Om frihet, sex og søsterskap. Har tidlegare gitt ut den sjølvbiografiske boka Går du nå, er du ikke lenger min datter (2017) og Bak lukkede dører: en bok om voldtekt (2013).

Kva er di siste kulturelle oppleving?

– Akkurat no les eg Lolita av Vladimir Nabokov. Den er utfordrande, men eg synast det er viktig å eksponere seg sjølv for litteratur og haldningar som er annleis enn sine eigne eller som ein ikkje forstår. Det er godt å bli røska litt i og kunne bli sinna.

Kva er drivkrafta di?

– Å finne ut av ting, ei nysgjerrigheit på livet og ikkje tru at ein sitt med alle svar. Det kan kanskje vere ei drivkraft på eit eller anna plan. Det er viktig for meg å lære nye ting, å ikkje stagnere, men å utvikle seg, å kunne få skrive bøkene mine.

Kva blir neste prosjekt?

– Eg har fått treårig arbeidsstipend for jobbe med høgreekstreme og nynazistiske miljø. Eg skal framleis jobbe med kjønnsperspektiv, men også å forstå kvifor nokre blir tiltrekt av det miljøet.

Samfunnsgeograf og feminist Anne Bitsch er i Trondheim for å snakke om si nye bok Brev til en ufødt datter. Om frihet, sex og søsterskap på Litteraturhuset. Vi møter ho i lobbyen på hotellet der ho bor, for å bli betre kjent over ein kopp kaffi.

– Det er likevel ikkje tvil om at kvinner kjem dårlegare ut enn menn i ein rekke indikatorar, så dermed blir jo rettane til kvinner ofte fokus-området, fortset ho.

LES OGSÅ: – Anne Bitsch har mye å viktig å si i Brev til en ufødt datter, men hun hemmes av bokas form.

Ikkje eigenterapi

I ungdommen sin blei Bitsch utsett for overgrep av sin eigen far. I vaksen alder blei ho valdtatt igjen, av ein ho såg på som ein ven. I fjor valde ho å dele opplevingane frå oppveksten sin i boka Går du nå, er du ikke lenger min datter. Når vi spør om ho er redd for at ho kjem til å få ein anna rolle enn før, svarer ho bekreftande.

– Det har vore ei endring etter at eg delte historia mi. Før ringte media meg for å få ein ekspertkommentar, og no har eg plutseleg blitt kasuset kor ein annan psykolog eller forskar skal kommentere mi sak, og det passar meg dårleg. Eg er ganske mykje meir enn ein vond barndom og dei seksuelle overgrepa eg har vore utsett for.

I eit tiår har ho jobba med valdtekt og seksuell vald i rettsstellet. I 2012 skreiv ho ei bok om valdtekt saman med Anja Kruse, og i desse dagar fullfører ho doktorgrada si om same tematikk. Ein kunne nesten tru at hennar interesse på feltet er på grunn av hennar eigne erfaringar med valdtekt og insest, men det avkreftar ho kort.

– Eg driv ikkje og forskar på valdtekt som ei form for eigenterapi. Det er nokon som trur det, at med min bakgrunn blir valdtektsforsking det naturlege valet, men eg kunne like gjerne ha forska på drap eller narkotikaproblem. Det er nok meir rettsstellet som eg synest er interessant.

LES OGSÅ: – Mímir Kristjánsson har en fot i Rødt, en fot i Arbeiderpartiet og kommunismen som rettesnor.

– Ta vare på kvarandre

I si nye bok Brev til en ufødt datter skriv ho om sine eigne erfaringar til ein yngre generasjon, om overgrepa og om refleksjonane ho har gjort i møte med rettssalen og media.

– Eg har treft mange jenter og kvinner i rettsstellet, og nokon av dei har vore så unge at dei potensielt kunne ha vore døtrene mine. Eg har følt eit veldig raseri på vegne av dei, og dei tinga som dei har måtta gå gjennom. Det er så mykje omsorg dei ikkje får. Dei blir ikkje nødvendigvis møtt med forståing og empati, eller av menneske som er genuint interessert i deira liv og historier.

Bitsch oppfordrar kvinner til å organisere seg i søsterskap, der ein kan vere åpne om sine erfaringar og bli møtt med tillit. Ho synest derimot ikkje at sosiale media som Facebook eller Instagram gir det fellesskapet som trengst når ein har blitt utsett for overgrep.

– Det eg skulle ønske at vi hadde meir av i samfunnet vårt, er eit fellesskap der ein føler omsorg og tek vare på kvarandre. At ein kan vere fortruleg, sånn som ein er med veninner i ungdomsåra.

Boka er skrive i brevform, til ei tiltenkt dotter kalla Emma. Sjølv om ho ikkje har noko ønske om eigne barn, synast ho ikkje det er nødvendig for å kunne skrive på den forma ho gjer. Dette fordi den handlar om å formidle universelle tankar til ein dottergenerasjon. Ho meiner den gir større rom for å vere personleg enn faglege tekstar, som ho har skrive mykje av tidlegare.

– Det er et tema som er tent med at ein nærmar seg det med ei viss inderleggjering og personleg tilnærming.

LES OGSÅ: Radio Revolts kulturhøst

For stort sensasjonsfokus

Bitsch meiner at nyheitsdekkinga er for sensasjon-prega når det gjeld seksuelle overgrep, og at dei er med på å forsterke stereotypiske forteljingar om valdtekt. Sjølv om ho stort sett har blitt møtt med respekt, har ho også opplevd å bli pressa inn i ei rolle ho ikkje kjenner seg igjen i.

– Det er jo ei objektgjering kvar ein låser personen veldig fast i den rolla. Ein anerkjenner ikkje at deira liv og eigenskapar er mykje større enn kva dei har vore utsett for, og det irriterer meg fælt.

Ho meiner at den konfliktsøkande måten media skriv på ikkje gir rom for dei nyansane som krevst for å dele valdtektshistorier. No arrangerer ho presseetikkkurs for media i samarbeid med Line Kolstad Rødseth, som var eit av dei mange offera til Julio Kopseng.

– Målet er å forme nokre tips til korleis redak-sjonane kan unngå tabloide vinklingar, og ta i vare offer for seksuell vald og trakassering på ein meir taktfull måte. Vi treng å ha ein dialog om korleis dei betre kan oppfylle samfunnsoppdraget sitt. Det handlar meir om å opplyse enn om å skape debatt og forarging, seier ho.

Powered by Labrador CMS